Skjenkekurs

Det vert halde kurs i skjenking av alkohol 2-4 gonger i året. Desse kursa rettar seg mest til lag og organisasjonar som ynskjer å skjenka alkohol på såkalla einskildløyve. Kurs vert annonsert. 

Dei alkoholpolitiske retningslinene til Kvam seier at for å få skjenkeløyve for einskildhøve, må styrar og stedfortredar, samt 1/3 av "vaktane" (her meines personell knytt til skjenkinga) ha teke skjenkekurs i regi av sals- og skjenkekontrollen. Dei vert også godkjende om dei har bestått kunnskapsprøven. 

Kurs

Dei kursa som vert haldne, vil verta annonsert i avisa og på Facebook. Kurset tek for seg det grunnleggjande ein må kunne for å ha ein ansvarleg skjenking. Kurset varar om lag 3 timar. 

På førespurnad kan me også halde kurs for sals- og skjenkenæringa. Desse kursa går dypare inn i alkohollova og skal gjera deltakarane i stand til å gjennomføre kunnskapsprøven. 

Du kan sjå presentasjon av skjenkekurset for lag og organisasjonar her

Pris

Kurs for lag og organisasjonar er gratis. Laget held lokale og eventuell servering.

Kurs for næringa vil ha ein kostnad per deltakar, dette vert avtalt når kurset vert booka. 

Booking

Kontakt eining for alkohol og servering for å avtale kurs,eller følg med på Facebooksida. 

Nils Anders Bolstad
Leiar
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20