Vil du bli elev?

Visste du at me i kulturskulen har elevar frå 4 til 70 år? Meld deg på du også! Vanlegvis er søknadsfristen til kulturskulen er 1. mai og 1. desember. I år koronautset me fristen til 15. mai!

Til vaksne søkjarar: Søkjarar under 20 år vert prioriterte dersom ein disiplin har fleire søkjarar enn me har plassar. Men har me plass vil me svært gjerne lære nett deg det du er interessert i!

For å søkje elevplass ved kulturskulen finn du søknadsskjema her.Dersom ein ynskjer å avslutte tilbodet/disiplinen til jul må ein sende skriftleg melding til kulturskulerektor innan 1. desember. Ved årsslutt til somaren må ein stadfeste at ein ynskjer å behalde elevplassen innan 15. mai for påfylgjande semester (hausten). Dette vert gjort digitalt via Speedadmin. Logg inn her

Gjennom året vert ledige elevplassar kunngjort under aktuelt.

Ynskjer du kontakt med oss skriv e-post til:  arnbel(at)kvam.kommune.no

For prisar, sjå priskatalogen.

Arngunn Timenes Bell
Lærar
E-post
Telefon 56 55 31 52