Dagtilbod

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan Kvam herad tilby dagsenterplass på Øysteseheimen, Strandebarm omsorg og i Ålvik omsorg. 

Kva tilbyr me?

Du kan få tilbod om dagsenter 1-5 dagar per veke.
Sjå blå boks til høgre for opningstider på dei ulike dagsentra. Dei er stengd laurdagar, helge- og høgtidsdagar.

Du kan få tilbod om transport til og frå dagsenteret ved behov. Utgifter til transport er inkludert i prisen.

På dagsenter får dei som bur heima tilbod om:

  • aktivitetar tilpassa behov
  • trening til dagleglivets gjeremål
  • enkel fysisk trening
  • sosialt samvær
  • frukt/saft, middag og kaffi
  • hjelp i måltidssituasjonar, ulike diettar etter behov og tilrettelagt mat
  • hjelp til forflytning / toalettbesøk
  • høve til å kvila
  • hjelp til medikamentutdeling
  • formidling av hjelpemidlar

Kven kan få tilbudet?

Dette er eit tilbod til deg som bur heime og som har behov for:

  • å koma deg ut, kjenna deg trygg og vera saman med andre
  • treng aktivitet og trening
  • opptrening/vedlikehald av ferdigheiter etter fagleg vurdering
  • har pårørande som treng avlastning

Kva kostar det?

Sjå prislista. Vert innkrevd som månadleg abonnementsordning. Dette er statleg sats for tenesta.

Dersom du som brukar ikkje nyttar deg av dagplassen din ein dag, må du gje beskjed om dette så raskt som mogleg, til dagsenteret eller gruppeleiar, då drosje må avbestillast.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester . (PDF, 165 kB) 

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lovar og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

Dagsenter

Ålvik
Opningstider:
mån-, tys- og torsdag, kl 08:30 - 15:00

Øysteseheimen
Telefon: 475 00 658
Opningstider:
måndag - fredag kl 09:00 - 15:00

Gruppeleiar
Hanne Mari Aarsand
Telefon: 941 55 058
E-post: HaAa@kvam.kommune.no

Strandebarm omsorg
Telefon: 910 04 773
Opningstider:
måndag - fredag kl 9:30 - 15:00
Kontaktperson: 
Alis Marlen Augestad Ljones

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no