Skulekrinsar i Kvam

Opplæringslova opnar opp for at elevar kan søkja om å få gå på ein annan skule enn den eleven soknar til, men opplæringslova gir ingen rett til å gå på ein annan skule enn nærskulen.

Ålvik skule (llustrasjonsbilete)   

Det er krinsgrensene som regulerer kva som er nærskulen. 

Søknader om byte av skule vert handsama av leiar for barnehage og skule ut frå Forskrift om byte av skule for grunnskulen i Kvam, vedteken av Kvam heradstyre 19.05.14. 

Søknad om skulebyte skal sendast til Kvam herad v/leiar for barnehage og skule, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. 

Søknadsskjema i Word- og PDF-format:

Skuleskyss ved byte av skule

Utgangspunktet i Opplæringslova § 7-1 inneber at  elevar har rett på skyss til den skulen som eleven til ei kvar tid går på, uavhengig av kva som er nærskulen. Hovudregelen kan fråvikast dersom byte av skule ikkje har samanheng med å sikra retten til opplæring. Dersom byte av skule er eit tiltak for å oppretthalda kontakt med venner eller letta praktiske tilhøve for føresette, vil ikkje byte av skule vera eit tiltak for å oppfylla retten til opplæring.I slik situasjonar kan det vera lov å stilla som vilkår at skyssen blir dekka av føresette.