Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Vil du bidra til barneverntenesta?

Barneverntenesta har behov for personar som kan gjere ein god jobb overfor barn og unge i Kvam.

Oppdrag som:

  • Tilsynsperson
  • Rettleiar
  • Miljøarbeidar
  • Fritidskontakt
  • Støttefamilie
  • Besøksheim
  • Leksehjelp.

Fyll gjerne ut søknadsskjema (på lenke under) og send til oss på:
Kvam herad, Barneverntenesta, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Kontakt oss for meir informasjon eller ved interesse!
Kontakt tilsette i barneverntenesta i Kvam.

Artikkelliste

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.