Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kommunedelpan for Kvamskogen – planforslag til offentleg ettersyn Kunngjering av planforslag kommunedelplan Kvamskogen. Merknadsfrist er 08.06.26
Ferie-SFO Kvam herad held SFO open to veker i fellesferien kvart år. Born i 1.–4. klasse kan søkjast inn dei to vekene SFO er open.
Vil du bli med på kurset «Sunn aldring»? «Sunn aldring» er eit nytt kurs for personar i alderen 65 - 79 år
Nye opningstider på rådhuset Rådhuset får endra opningstiderFrå 01.05.2026 får rådhuset endra opningstider. Inngang til barnevern/PPT, rus og psykisk helse (ROP) og NAV vert uendr...
Generelt bålforbod frå 15. april Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i Noreg.
Tilskot til friluftsarrangement Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja tilskot til friluftsarrangement i Kvam i 2026.
Min kommune Min kommune gjer offentleg informasjon tilgjengeleg for innbyggjarar og verksemder på ein enkel og effektiv måte. Her finn du post, skjema, fakturaer, ...
Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026 16. april 2026 blir mange innbyggjarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland. Målet er å få betre kunnskap om helsetils...
Kjenner du nokon som vil dela historia si frå livet i Kvam? Me ynskjer å løfta fram kvardagslivet i bygdene våre – gjennom ekte historier frå folk som bur, jobbar og trivst her. For å få til det treng me di hje...