Innlogging via ID-porten https://min.kommune.no

Forklaring til dei ulike menypunkta på Min kommune
Åpne postkasse:
Her finn du brev frå kommunen, dersom du har det. Mellom anna eigedomsskatteseddel.
Se eiendommer:
Her kan du finna eventuelle saker knytt til din eigedom.
Kommunal faktura:
Her finn du oversikt over alle betalte og ubetalte fakturaer til deg frå Kvam herad.
Du kan be om betalingsutsetjing på ikkje forfalte fakturaer.
Du kan henta ut kopi av dine fakturaer.
MinEigedom:
Her finn du relevant informasjon knytt til dine eigedomar. Har du eigedom i andre kommunar enn i Kvam, så viser dei og her.
- Min fakturahyppigheit: Her kan du velja kor mange terminar du ynskjer å dela dine kommunale gebyr på. Kommunale gebyr omfattar vatn, avløp, feiing, slam og eigedomsskatt. Dersom du ikkje vel noko anna vil du motta 2 fakturaer i året på kommunale gebyr. Målt forbruk på vatn kjem alltid i tillegg.
- Vassmålar: Her finn du oversikt over tidlegare innmeldt forbruk og målarstand.
- Brannførebyggjing: Her finn du tidlegare kommunikasjon med feiar, informasjon om tidspunkt for siste tilsyn og feiing og når neste er planlagt., samt eventuelle avvik og merknader.

Oversikta under viser når det er forfall i dei ulike alternativa:

Har du spørsmål kan du senda e-post til: mineigedom@kvam.kommune.no