
Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI).
Kvifor blir undersøkinga gjennomført?
Føremålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Resultata gir innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og styrkje folkehelsa i kommunen vår.
Morten Wanvik
Kvifor er undersøkinga viktig for kommunen vår?
For kommunane i Vestland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse tenestene og tiltaka våre for å møte behova til innbyggjarane på ein betre måte. Dette omfattar alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggjande tiltak.
Utsikt ned i Vettisfossen
Julia Farsund Storvik
Korleis føregår undersøkinga?
Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får invitasjon frå Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Resultata blir berre publiserte på gruppenivå, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Dei som treng hjelp til å logga seg inn på undersøkinga (via helsenorge) kan møta på Frivillighuste/BUA i Øystese torsdag 23.april i tidsrommet kl 17-19.
Få hjelp til å gjennomfør undersøking på BUA i Øystese torsdag 23. april
Trekning av gåvekort
ME håpar alle som får invitasjon, vil delta! Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål om undersøkinga, kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune:
e-post: fhus@vlfk.no eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)
Du kan også lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til fylkeskommunen: www.vlfk.no/fhus eller på FHI sine nettsider: https://www.fhi.no/hs/folkehelseundersokelsene-i-fylkene/