Annonse nytta i ulike lokale festivalmagasin
Under “Velkomen til kvam” på kvam.no finn du ein knapp som heiter “Dragning til Kvam?”.
Her er lenke til den sida.
Der har me samla historiane til folk som bur, jobbar, pendlar og lever i Kvam på ulike vis.
No treng me nye par, familiar og enkeltpersonar som kan tenkja seg å stilla opp til eit uformelt intervju om korleis dei lever, bur og jobbar i Kvam.
- Ein får tilsendt eit spørsmålsark som ein kan svara på i ro og fred og så sender ein det inn saman med nokre bilete.
Det kan vera alt frå tilflyttarar og pendlarar til unge vaksne, barnefamiliar, småbedriftseigarar – eller nokon som har budd her heile livet.
Kjenner du ei historie som fortener å bli fortald?
Då håpar me du vil tipse oss!
Send til:
Connie Langeland - informasjonsrådgjevar
E-post: conlan@kvam.herad.no