Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Val 2023. Har du motteke valkort? Dersom du har røysterett og ikkje har motteke valkortet ditt innan 10. august frå Valdirektoratet, så kan det henda at Kvam herad har fått valkortet d...
Dragning til bygda og golf? Du treng ikkje oss til å fortelje deg kvifor du må flytta til Kvam.Det ynskjer me at dei som allereie har tatt steget å flytta her - kan gjere.
Ledige stillingar i Kvam! Kvam herad er den største arbeidsplassen i Kvam, men me har òg eit variert og spennande næringsliv her i kommunen vår.
Resultat frå badevassprøvar teke 4.juli 2023 04.juli var det teke prøvar av badevatn ulike stader i Kvam. Prøvane viser utmerka kvalitet på badevatnet.
Klar for eit bad? Klikk deg inn på badetassen.no om du vil vite temperaturen i fjorden på nokon av våre mest populære badestrender.
Brøytekontraktar Kvam herad 2023-2029 Kvam herad ved Teknisk eining ynskjer å inngå avtalar for innkjøp av tenester i samband med snøbrøyting.
Pakk smart! Kvam herad er godkjent som trafikksikkert herad. Kvar månad kjem me med påminingar frå Trygg trafikk.
Har du sett hamnespy? No treng me di hjelp til å stoppa spreiinga av hamnespy!Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar.