Fram til ordinær førehandsrøysting startar 10.august sender Valdirektoratet ut valkort til alle med røysterett. Dei aller fleste får dette tilsendt i sin digitale postkasse.
Alle som får dette tilsendt digitalt får eit varsel om dette på SMS.
Slik finn du ditt digitale valkort:
- Gå inn på den digitale postkassetenesta du brukar: Digipost, E-boks eller Altinn
- Opn valkortet og få nyttig informasjon om kvar, når og korleis du røyster.
Får alle tilsendt valkortet sitt digitalt?
Nei, nokre får valkortet tilsendt på papir per post. Dette gjeld personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane.
Valkort i retur
Kvam herad opplever ved kvart val å få valkort i retur. Dette er det fleire grunnar til. Ein grunn kan vera ufullstendige adresser slik at posten ikkje får levert valkortet. Ein annan grunn kan vera at innbyggjar har flytta og ettersendingsperioden av post er ferdig.
Dersom du ikkje har motteke valkort innan 10. august og ønskjer det, så kan du ta kontakt med Kvam herad på tlf.nr.: 56 55 30 00. Dersom Kvam herad har motteke valkortet ditt i retur, så kan du avtala å henta dette sjølv på rådhuset.
NB! Dersom du har røysterett og manglar valkortet ditt, får du likevel røysta. Du lettar arbeidet til valmedarbeidarane dersom du tar valkortet ditt med deg når du skal røysta og valkortet inneheld nyttig informasjon til deg som veljar.