Milepæl for kaien nådd

Toppdekke på kaien vart støypt ferdig tysdag 27. juni, sjå bilete.

Bilete frå støpinga på kaien i Norheimsund - Klikk for stort bileteArbeid med støyping 27. juni

No pågår arbeid med bl.a. riving av forskaling. Etter ca ei veke kan ein belaste kaien meir og ein vil starte med tilrettelegging for betongmadrass utanfor kaiområdet.

Til dette vil det verte benytta gravemaskin og eit dykkarlag. Kaien kan enno ikkje nyttast for båtar før betongmadrass er klargjort. Pullertar på kaifront skal også ha 28 dager herdetid før dei kan nyttast til fortøying.

Det meste av kaiarbeidet er forventa ferdig til fellesferien i juli, men noko arbeid vil truleg også pågå etterpå.

Sluttdato som skulle vere i juni, er dermed utsett noko utan at dette har nokon større praktiske konsekvensar. Seinkinga skuldast mellom anna at Donar har hatt mindre personell tilgjengeleg enn planlagt.

bilde av betongarbeid på kaien - Klikk for stort bileteToppdekke er no ferdig støypt