Har du sett hamnespy?

No treng me di hjelp til å stoppa spreiinga av hamnespy!
Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar.

Bilde og tekst komposisjon frå miljødirektorate om hamnespy - Klikk for stort bilete

Hamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotn, og fortrengjer andre artar.


Kva kan du gjere?
Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørje båten med anti-fouling maling før du set den ut.

Har du fått hamnespy på båt eller utstyr?


Fjern hamnespy ved å:

  • set båt/ utstyr på land i ei veke
  • spyl eller skrap botnen av båten/ utstyret. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen
  • plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar

Les meir om korleis du kan bidra til å stoppe spreiinga av hamnespy her: Stopp spredning av havnespy - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

____________________________________________________

Treng du plaktar eller marknadsføringsmateriell til ditt lag eller din organisasjon for å bidra til stopp av hamnespy?
Ta kontakt med sjef for samfunn, næring og kultur Jon Nedkvitne.
E-post: jone@kvam.herad.no 

Bilde og tekst om hamnespy - Klikk for stort bilete