Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Vikallar.no er lansert Vi kallar er eit prosjekt som skal fremja dei unike karrierevegane i Hardanger og Voss. Sida skal gjera det lettare å finna draumejobben, byggja nettv...
Programmet for ungdomskonferansen er klart Etter som Kvam herad vart årets ungdomskommune i 2023, har me fått det ærefulle oppdraget å skipa til Ungdomskonferansen 2025 i Kvam i september saman ...
Diplomkonkurranse – årets ungdomskommune Kvam vart årets ungdomskommune i 2023. Me arrangerer difor Ungdomskonferansen 2025 i lag med Bufdir.
Utviding av parkering ved rådhuset og ny veg på Tolo Kvam herad set no i gang to viktige prosjekt som skal betra trafikkavvikling og infrastruktur i Norheimsund.
Fritidskortet er tilgjengeleg gjennom Aktiv fritid Frå i år er det Aktiv fritid ein brukar som betalingsløysing for fritidskortet i Kvam.
Spørjeundersøking for pårørande med heimebuande med demens Kvam herad gjennomfører prosjektet Fleksibel avlasting for pårørande til heimebuande personar med demens.
Frivillige lag og organisasjonar kan søkja straumstøtte Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga for straumstøtte til frivillige organisasjonar. Søknadsfrist er 21.5.25.
Kunstnarhusvære i Berlin Profesjonelle kunstnarar og produsentar i, -eller med tilknyting til Hardanger kan søkja opphald i kunstarhusværet Hardanger-Berlin. Søknadsfrist er 1...