Utviding av parkering ved rådhuset og ny veg på Tolo

Kvam herad set no i gang to viktige prosjekt som skal betra trafikkavvikling og infrastruktur i Norheimsund.

Utviding av parkering ved rådhuset

Ved rådhuset vert det bygd om og utvida for å skapa fleire parkeringsplassar og eit tryggare køyremønster. Arbeidet omfattar fjerning av lausmassar og fjell, etablering av støttemurar, nytt VA- og kabelanlegg og nye steinsette parkeringsareal.

Oppstart ved rådhuset er 5. mai 2025, og prosjektet skal vera ferdig innan 31. august 2025. Sprengingsarbeidet skal utførast i løpet av seks arbeidsveker i mai og juni. I anleggsperioden vert det færre parkeringsplassar ved rådhuset, og køyreretninga rundt bygget vert endra. Nokre inngangar på baksida kan òg verta stengde mellombels.

Ny veg på Tolo

På Tolo vert det bygd ny kommunal veg som er avgjerande for framtidig utbygging og trygg tilkomst til Toloheimen. Dette er eit regulert tiltak som inngår i ei langsiktig løysing for trafikktryggleik og utvikling i området. Arbeidet på Tolo skal vera ferdig innan midt i november 2025.

Dei to prosjekta vert gjennomført i ein felles totalentreprise, og steinmassar frå sprengingsarbeidet ved rådhuset vert bruka om att i vegprosjektet på Tolo. Dette reduserer både transportbehov og miljøpåverknad. Arbeidet vert utført av totalentreprenør GBS Entreprenør AS.


For spørsmål kan du ta kontakt med

GBS Entreprenør ved Knut Endre Øyri – tlf. 942 88 990
Prosjektleiar i Kvam herad, Øystein Ølmheim – tlf. 970 82 295

Me ber om tolmod i anleggsperioden og kjem til å informera etter kvart som arbeidet går framover.