Frivillige lag og organisasjonar kan søkja straumstøtte

lotteritilsynetLotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga for straumstøtte til frivillige organisasjonar. Søknadsfrist er 21.5.25.

Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av høge straumprisar.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar i prisområde som har timeprisar på over 73 øre pr kWt.

Fristen for å søkja straumstøtte er 21.5.25.

 

Kven kan søkja?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda.

 

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknader frå frivillige lag og organisasjonar.

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her. 

 

Meir informasjon om ordninga er å finna på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.