Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Verdsdagen for sjølvmordsførebyggjing 10. september Onsdag 10. september kl. 19 markerer me verdsdagen for sjølvmordsførebyggjing i Norheimsund kyrkje.
Kva skal tunellen under Kvamskogen heita? Vestland fylkeskommune inviterer oss til å koma med framlegg til namn på tunellen som er under planlegging frå Steinsdalen til Eikedalen på fv. 49. Ha...
Reguleringsplan for fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen på høyring Vestland fylkeskommune har no sendt framlegg til reguleringsplan for tunell frå Steinsdalen til Eikedalen ut på høyring. Tunellen er eit tiltak for å ...
Måling av radon i utleigebustader Leiger du ut bustad? Då må du måla radon i bustaden. Berre radonmåling kan avsløra om ein utleigebustad har eit radonproblem.
Kven bør få den fyrste kulturprisen til Vestland fylkeskommune? Prisen er på 50 000 kr og skal gå til ein person eller eit lag som har utmerkt seg i kunst- og kulturlivet i fylket.
Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart Små born på skulevegen vert lett usynlege attom store hekkar og buskar. Dette kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar fol...
Kommunale hus og bygg kjem for sal Kvam herad eig i dag nesten 76 000 kvadratmeter bygg. Det meste av bygningsmassen er i bruk som skular, barnehagar og institusjonsbygg, men det er òg ...
Lyser ut 15 millionar til nyskaping i kulturlivet Vestland fylke lyser no ut 15 millionar gjennom den nye tilskotsordninga Regionalt kulturfond Vestland.
Utslepp i Tørvikbygd Éin gong i tida 14.–18. juli vart det truleg sleppt ut svartvatn frå ei av ferjene i Tørvikbygd-Jondal-sambandet.