Heradsstyret vedtok hausten 2024 ein eigedomsstrategi. Her er bygningsmassen til heradet kategorisert som A-, B- eller C-bygg. C-bygg kan seljast, og B-bygg kan vurderast for sal. Det er fleire årsaker til at heradet ynskjer å redusera bygningsmassen. Nokre bygg står tomme og sal av kommunale bygg kan gje kommunen høve til å prioritera tenester som skule, helse og beredskap.
Strandebarmheimen er allereie lagt ut for sal.
Torleiv Ljones
Nokre av bygga kan ha vore sentrale bygg i ei grend tidlegare til dømes ein nedlagd skule. For nokre av bygga som er sentrale i ei grend, kjem grendautvala til å verta kontakta før salet. Den fyrste salslista kjem til å verta lagt fram for politikarane i oktober.
Framover i haust kjem heradet truleg til å leggja fleire av B- og C-bygga ut for sal. Desse kan det vere interesse for mellom innbyggjarar, naboar, grendalag, grendautval, organisasjonar eller næringsinteresser. Her er det bygg med tomter som kan vera interessante for utbyggjing og utvikling av eit område. Bygga ligg spreidd i Ålvik, Øystese, Norheimsund, Tørvikbygd og Strandebarm. Bygga vert normalt selde etter ein bodrunde.
Dersom du er interessert i eit bygg som du kan nytta eller utvikla vidare, må du fylgja med vidare i haust. Du kan du lesa meir om bygga i eigedomsstrategien eller kontakta Stein Rykkje som forvaltar bygga.
Sjå eigedomsstrategien
Dette er C-bygga i eigedomsstrategien
- Strandebarm aldersheim
- Børsheim trygdebustader
- Børsheim omsorgsbustader
- Pensjonisten trygdebustader, Ålvik
- To kommunale firemannsbustader, Gartveit
- Trygdebustader Rokabrekka, Øystese
- Idrettshuset, Haugamyr
- Tolomarka skyttarhus
- Ålvik industrimuseum
- Gamleskulen i Norheimsund
- Vikøy skulemuseum
- Aksnes skule
- Ungdomshallen i Norheimsund
- Botnen skule offentleg toalett
- Botnen skule
- Naust, Holmen i Vikøy