Måling av radon i utleigebustader

Leiger du ut bustad? Då må du måla radon i bustaden. Berre radonmåling kan avsløra om ein utleigebustad har eit radonproblem.

Strålevernforskrifta stiller krav til radonnivået i utleigebustadar. Alle som leiger ut bustad har ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er så lågt som det er praktisk mogeleg å få til.

Kva er radon?

Radon er ein radioaktiv gass som vert danna naturleg ved nedbryting av uran og thorium i berggrunnen. Gassen er usynleg og luktfri. Han kan trenga inn i bygningar gjennom sprekkar i grunnmuren og ved røyrinnføringar. Innpusting av radongass kan auka risiko for lungekreft. Kombinasjon av røyking og eksponering for radon er farlegast.

Korleis måla radon?

Måling av radon må gjerast i vintersesongen, mellom oktober og april. Målinga må skje i ein periode på minst to månader. Du finn meir informasjon om radonmåling hjå DSA. Kontakt firma som sel radonmålingar. Ein måler lett nivå ved å setja ut eit måleapparat i bustaden. Etter at måleperioden er over, sender ein dette inn til firmaet.

Dersom bustaden ligg i eit område som er utsett for radongass, er det tilrådd å måla kvart femte år. Dersom bustaden ligg i eit område med middels eller liten radonrisiko, er det tilrådd å måla om lag kvart tiande år.

Alle bør måla radonnivået i bustaden

Sjølv om det ikkje er påkravd å måla radon i eigen bustad, er det tilrådd at alle huseigarar også måler radonnivå i eigen bustad.

Meir om radon i Kvam

Illustrasjon av radon som stig frå grunnen - Klikk for stort bileteIllustrasjon av radon som stig frå grunnen