Utslepp i Tørvikbygd

Éin gong i tida 14.–18. juli vart det truleg sleppt ut svartvatn frå ei av ferjene i Tørvikbygd-Jondal-sambandet. 

Kvam herad fekk i slutten av førre veke informasjon frå brukarar av Ståvika ved Tørvikbygd at det var lukt og spor av avlaup på staden. Kvam herad har sjølv ikkje noko avlaupsanlegg i dette området.

Det vart ikkje avdekt noko spor av avlaupsutslepp når tilsette frå Kvam herad var på staden for å gjera undersøkingar, men det vart teke ei ekstra badevassprøve 18. juli og svar på denne kom 22. juli. Badevassprøva syner god kvalitet.

Same dag vart det også gjort ei ny synfaring utan at ein fann noko synleg eller lukt.

Då ein ikkje kunna finna noko spor av utslepp vart ferjeselskapet Fjord1 kontakta, for å sjekka ut mogelege utslepp frå dei.

Etter informasjon frå Fjord1 påfylgjande dag 23. juli er det sannsynleg at problema knytt til dette kan koma frå eit av fartøya til Fjord1 som har vore uheldige og sleppt ut svartvatn (kloakk). Fjord1 seier seg leie for dette som ikkje skal skje. Dei melder og at dei har teke dette opp internt og gjer tiltak for å unngå at dette skjer att.