Har du ikkje fått valkortet innan 12. august, kan du ta kontakt med kommunen du bur i. Du kan røysta utan valkort, men du må i alle høve ha med legitimasjon.
Hugs at du kan førehandsrøysta frå 12. august til 6. september, og på sjølve valdagen 9. september. For meir informasjon: Førehandsrøysting og tidlegrøysting i Kvam herad. Du kan også førehandsrøysta på kommunale institusjonar.
Meir om valkortet
Eit valkort er eit papirkort der du finn informasjon om deg og om det komande valet. Å motta valkortet er ei stadfesting i seg sjølv på at du har røysterett og på at du er innført i manntalet i den kommunen der du er folkeregistrert. På valkortet kan du også sjå kor og når du kan røysta på valdagen, og korleis du røyster.
I førehandsrøystingsperioda kan du røysta kor du vil i heile landet, men på sjølve valdagen må du røysta i den kommunen der du er manntalsført. På valkortet vil du finne informasjon om kor du kan røysta og om opningstidene til vallokalet du tilhøyrer. På "baksida" av valkortet finn du ein brosjyre som gjev deg ei trinn-for-trinn-forklaring av korleis du røyster, og korleis du kan gjera rettingar på røysteseddelen.
Står du i manntalet?
Manntalet i Kvam er lagt ut på rådhuset allereie og vil også bli lagt ut på biblioteka i august, og fram til 6. september. Sjekk at du står der, og at informasjonen er rett. Krav om innføring eller endring i manntalet må vera skriftleg og grunngjeve. Det skal sendast til Kvam valstyre, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
For meir informasjon, sjå sidene om valet 2019. Der kan du blant anna finna oversikt over vallistene og informasjon på ulike språk.