Ber om innspel til møtet med Leo Ajkic
Mange barn og unge i Kvam er aktive og trivst på fritida, men diverre er det ein del unge som ikkje opplever det på same måte. Einsemd, prestasjonspress og vanskar med å finna sin plass i det sosiale landskapet er noko av det som dei unge sjølv fortel kan vera vanskeleg.
Ungdommar er spesielt inviterte til møtet, og Leo Ajkic spør dei unge i ei videohelsing om å koma med innspel til møtet. Desse innspela skal, saman med innspela frå ALLEMED-ung dugnaden, vera utgangspunkt for ein scenesamtale med Ajkic. Denne veka starta Ingunn Hildonen (BTI- koordinator) og Kristin Lundblad (fritidskoordinator) med skulebesøk på ungdomsskulane for å invitera elevane til å koma med sine refleksjonar om korleis det er å vera ung på fritida i Kvam.
Det skal vera trygt å koma med innspel
Elevane vil få beskjed om kva dagar fritidskoordinator er på skulane og kan ta i mot innspel. Det går også an å levera innspel på bibliotektet på skulen i ein låst boks, eller ungdommane kan snakka med miljørettleiar, helsesjukepleiar eller ein lærar. Om nokon ynskjer det, så går det også an å ta kontakt med Ingunn eller Kristin. Innspelsrunden varar fram til skuleferien.
Fritidssatsing i Kvam
Kvam herad ser på arbeidet med fritid for barn og unge som eit viktig samfunnsoppdrag, og oppvekstkonferansen er ein del av Kvam herad si satsing på området. Satsinga har som føremål å førebyggja utanforskap gjennom å leggja til rette for ein inkluderande fritidsarena. Som del av satsinga har Kvam fått si eiga fritidserklæring. Føremålet med denne erklæringa er å sørga for reell tilgang til fritidsarenaen for alle barn og unge i kommunen vår.
På kvam.no/fritid kan du lesa meir om fritid for barn og unge i Kvam.