Nytt punkt i kommuneplanen

Kvam herad manglar gode areal for bustader tilpassa rusomsorg. Formannskapet valde å ta med eit område i Belsen i Steinsdalen på den nye avgrensa høyringa til kommuneplan. 

Formannskapet vedtok onsdag eit tilleggspunkt til det tidlegare vedtaket om å leggja kommuneplanen sin arealdel ut til ny, avgrensa høyring.

Bakgrunnen er at Kvam herad manglar gode areal for bustader tilpassa rusomsorg. Rådmannen skriv i sakspapira at ein difor ynskjer å arbeida med eit areal som kan eigna seg for fleire einingar, med potensial for eit betjent bufellesskap. I Os kommune har ein vald ei slik løysing, noko som ifølgje Os fungerer godt, og gjer bebuarane trygge og gode rammer. Ei tilsvarande løysing, i mindre skala, kan vera aktuelt i Kvam, skriv rådmannen i si saksutgreiing.

Det aktuelle området ligg sør for Auto'en i Steinsdalen og vest for industriområdet i Sandvenhagen. Det er i dag regulert som LNF-område, men vert nytta som opplagsplass. 

Kommuneplanen vert lagt ut på ny avgrensa høyring frå neste veke av.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.