Fem ulike leverandørar tilbyr løysingar for å laga og senda byggesøknader digitalt. Profesjonelle aktørar kan nytta ein av desse. Meir informasjon er å finna på nettsidene til Direktoratet for Byggkvalitet.
Søknadsløysingane er tilpassa ulike målgruppe, som blant anna arkitektar og rørleggjarar, og gjer det enklare å gjera ting riktig når ein lager ein byggesøknad. Søknadane vert kontrollert opp mot regelverk før dei vert sendt, for å sikra at dei er komplette. Dermed kan dei handsamast raskare av kommunane.
Nye digitale løysingar, også for privatpersonar
Nye digitale søknadsløysingar for privatpersonar er under utvikling, og skal koma på plass i løpet av året. Alt no kan nabovarslar sendast digitalt.
Privatpersonar kan også nytta seg av enklare skjema dersom dei skal nabovarsla og byggja ein frittliggjande bygning på mindre enn 70 kvadratmeter, eller eit tilbygg på mindre enn 50. Desse skjemaa er også tilgjengeleg via Direktoratet for Byggkvalitet sine nettsider.
For meir informasjon, kan du også sjå Kvam herad sine sider om korleis du søkjer sjølv.