Dette skal gjerast for å fanga opp verdiendringar og anna som har konsekvensar for utrekning av eigedomsskatten.
Kva er eigedomsskatt
Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som saman med inntektskatten til kommunen er med på å finansiere ulike fellestenester som skule, barnehage, helsetenester, kommunale vegar og mykje meir.
Det er eigedomsskattelova saman med forskrift om eigedomsskatt 2020 som fastset reglane for eigedomsskatt. For 2020 er promillen for bustad- og fritidseigedomar 5‰, og 7 ‰ for næringseigedomar. Frå 2021 vert det også innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% på bustad- og fritidseigedom. Kva promillesats Kvam herad set vert vedteke av heradsstyret i budsjettmøtet i desember 2020.
Eigedomsskatten for inneverande år vert skrive ut innan 1. mars same år. Heimelshavar får tilsendt skatteseddel med informasjon om taksten på eigedomen og kva som er utrekna eigedomsskatt. Eigedomsskattelista over alle eigedomar vert samtidig lagt til offentleg ettersyn på Kvam herad sine nettsider.
Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei andre kommunale avgiftene to gonger i året, med forfall 1. april og 1. oktober.
Klage på vedteken takst kan fremjast kvart år i samband med årleg utskriving av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare, jfr. Eigedomsskattelova §19. Klagen må vera skriftleg og kan sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller send epost til postmottak@kvam.kommune.no. Frist for klage er 6 veker frå kunngjeringsdato.
I løpet av 2020 skal alle eigedomar i Kvam herad takserast på nytt.
Ny taksering
Kvam herad har inngått avtale med firmaet Jeessaa AS for utarbeiding av takstforslag. Synfaringspersonellet skal ha på seg refleksvestar med Kvam herad sin logo og har ID-kort frå Kvam herad. Takseringa vil gå føre seg frå mai 2020 til hausten 2020. Eigedomen vert fotografert, jf. eigedomsskattelova §31-5.
Grunna koronautbrotet vert det teke særlege førehandsreglar ved takseringa. Folkehelseinstituttet sine smittevernreglar er overdona.
Takseringa av eigedomen tek utgangspunkt i offisiell informasjon om eigedomen, henta frå matrikkelen. Dette er Noreg sitt offisielle register over all fast eigedom med bygningar, adresser og heimelshavar/eigar. Ut frå bygningstype også vert det rekna ut ein takst maskinelt, ein såkalla sjablongtakst. Dette er ein takst utan nokon form for takstfagleg vurdering og han må difor justerast med utgangspunkt i fleire tilhøve:
-
Fyrst vert det teke omsyn til kva sone eigedomen ligg i.
-
Deretter vert det gjort ei vurdering av indre og ytre faktor på eigedomen. Indre faktor er tilhøve knytt til sjølve eigedomen, til dømes alder og vedlikehald. Ytre faktor er lokale tilhøve rundt eigedomen, til dømes beliggenhet. I tillegg vert tomteverdien for eigedomen lagt til.
Brev til heimelshavar/eigar
Kvar heimelshavar (eigar) vil i løpet av veke 20/21 få tilsendt eit brev med meir informasjon om synfaring av eigedomane.
Promillesats for eigedomsskatt
Frå 1. januar 2021 har regjeringa avgjort at maksimal sats for bustad og fritidseigedom er 5 promille. For næringseigedomar er det 7 promille. Frå 2021 vert det også innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% på bustad og fritidseigedomar.
Har du fleire spørsmål om eigedomsskatt?
Nedanfor finn du svar på nokre vanlege spørsmål om eigedomsskatt. Har du andre spørsmål kan du ta kontakt med Kvam herad på telefon 56 55 30 00 eller senda e-post til Tone Ødegård Skår på Kvam herad sitt økonomikontor.
Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei andre kommunale eigedomsgebyra. Innbyggjarane kan sjølv velja mellom fire alternativ. Faktura 1, 2, 4 eller 12 gonger i året.
For 2025 er eigedomsskatten 3,3 promille for bustad- og fritidsbustader og 7 promille for næring. Botnfrådraget i 2025 er på kr 350 000 for bustad og fritidsbustad (for godkjente bueiningar) Det er ikkje botnfrådrag for eigedomar som ikkje er bustad eller fritidsbustad. I 2025 er den obligatorisk reduksjonsfaktoren på 30 prosent på bustader og fritidsbustader. Taksten vert altså redusert med 30 prosent før skatten vert rekna ut. Reduksjonsfaktoren gjeld ikkje næring.
Ja, innan 1. mars kvart år får alle eigarar tilsendt skattesetel som viser takst og kor mykje du skal betala i eigedomsskatt inneverande år.
Fakta om eigedomen, type bygg, areal på bygga og tomt vert lagt til grunn ved utrekninga. Indre og ytre tilhøve på eigedomen vert vurdert, mellom anna alder og tilstand, stad og opparbeiding av tomt. Eigedomen vert synfart utvendig og det vert teke bilete. Desse vert saman med vurdering frå takstmann lagt fram for sakkunnig nemnd for eigedomsskatt som fastset ein takst.
Det er ei politisk oppnemnd nemnd som vedtek alle takstane. Det er heradsstyret som vedtek promillesatsen og eventuelle botnfrådrag.
Det er bruksarealet (BRA) som vert lagt til grunn. Det er alt areal innanfor ytterveggane. Dei fleste bygg er allereie registrert i matrikkelen med areal. Ved synfaring kontrollerer takstmann at arealet stemmer med det som er registrert, og måler opp dei bygga som manglar areal. Dette vert gjort frå utsida av bygget.
Det er status på bygg per 1. januar som gjeld. Om bustaden din er registrert med ferdigattest, mellombels bruksløyve eller er teke i bruk per 1. januar i gjeldande skatteår, får du eigedomsskatt på bustaden. Dersom du får ferdigattest i løpet av året får du eigedomsskatt på bustaden fyrst til neste år.
Me minner om at ein bustad må ha godkjent ferdigattest eller mellombels bruksløyve før han kan takast i bruk.
Om bustaden vert riven eller øydelagd av til dømes brann i løpet av året, må du ta kontakt med Kvam herad, eigedomsskattekontoret, for å få ei vurdering av kva som skal skje med eigedomsskatten.
Når ny eigar vert registrert i eigedomsregistret via tinglysninga, går det automatikk i dette. Du treng ikkje melda frå til kommunen. Når ny eigar vert registrert, vert neste krav for kommunale eigedomsgebyr retta mot den nye eigaren. Dersom huset blir selt midt i perioden det er fakturert for må dette gjerast opp mellom seljar og kjøpar.
Klaga må vera skriftleg og skal sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller per e-post til postmottak@kvam.kommune.no. Frist for å sende inn skriftleg klage er seks veker frå kunngjeringsdato. Eigedomsskatt vert skriven ut i løpet av februar kvart år.
I eigedomsskattelova § 5 går det fram kva for eigedomar som skal ha fritak frå eigedomsskatt, mellom anna eigedomar ått av kommunen eller staten, kyrkjer, eigedomar som vert drivne som landbruk (utanom hus, hytter og bygg som vert nytta til anna enn landbruk), nasjonalparkar m.fl.
I § 7 går det fram kva for eigedomar som kan få fritak, i Kvam er dette lagshus, forsamlingshus, bedehus, private skular og barnehager, freda bygg m.fl. Dette er det heradsstyret som avgjer.
Nei, eigedomsskatten er den same heile året utan omsyn til bruk.
Nei, kravet for eigedomsskatt kan ikkje delast opp og kan berre sendast til ein av de registrerte eigarane. De kan sjølve avgjera kven av eigarane som skal ha faktura.
Ja, det kan du. Du kan anten ta kontakt med Kvam herad på telefon 56 55 30 00 eller på e-post til postmottak@kvam.kommune.no. Du kan søkja om utsetjing ved å logge inn på «Min kommune» som du finn øvst til høgre på kvam.no. Når du har logga inn via ID-porten finn du «kommunal faktura» litt nede på sida. Me gjer merksam på at det vert rekna renter frå forfallsdato til betaling skjer.
Når det gjeld tomt til bustad og fritid er det festar som har råderett over tomta, og det er festar som skal betale eigedomsskatten. Er det ei næringstomt er det grunneigar som skal betale eigedomsskatten.
Takst og likningsverd er ikkje det same. Taksten er til utrekning av eigedomsskatt for kommunen og likningsverdet er for å rekna ut formueskatt.
Likningsverdet er det Skattetaten som har ansvaret for. Spørsmål om dette må rettast til Skatteetaten.
Når det gjeld eigedomsskattetaksten skal den setjast til den summen ein må gå ut frå at eigedomen kan omsetjast for ved fritt sal, dvs. omsetjingsverdet. Denne taksten er det kommunen som fastset.