Eigedomsskatteliste 2020

Klikk for stort bilete Pixabay / Steinar Hovland I samsvar med Eigedomsskattelova §15, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå 28. februar. I kunngjeringsperioda kan du sjå lista i fellesekretariatet på rådhuset. Du finn ho også her.

Skattesatsen er 7 promille for næringseigedomar, og 5 promille for bustad- og fritidseigedomar. Grunnlaget for den enkelte eigedomen kjem fram i eigedomsskattelista. 

Lista syner dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards- og bruksnummer), grunnlag og utrekna sum eigedomsskatt.

Alle skattytarane (eigarar eller representant for eigar) får tilsendt skatteseddel, jfr Eigedomsskattelova §14

Fritak

For eigedomar som i samsvar med §5h har delvis fritak frå eigedomsskatt (gardsbruk o.l) er fritakskode oppgitt. Det er lagt ut eiga liste for eigedomar som har fritak etter §§5, 7a og 7b (bla. bygningar av historisk verde).

Utrekning av skatten

Eigedomsskatten er skrive ut i samsvar med Forskrift om eigedomsskatt 2020, Kvam herad.

I 2020 er det ti år sidan siste allmenne taksering i kommunen. Heradsstyret i Kvam har vedteke at eigedomsskatten skal kontorjusterast med 10% for skatteåret 2020, jamfør Eigedomsskattelova §8 A-4. Promillen er også auka til 5 prosent for bustad- og fritidseigedomar.

Samstundes er Eigedomsskattelova endra slik at taksten for bustader og fritidsbustader skal reduserast med 30 prosent, jamfør §8 A-2. Dette gjeld ikkje andre eigedomar, t.d. næringseigedomar, der vil taksten auka med 10 prosent.

Dette er det teke omsyn til ved utrekning av ny takst, og det inneber at det nye skattegrunnlaget etter regulering tilsvarer vedteken takst x 0,77. 

Døme:

Tidlegare takst 1 841 000
Eigedomsskatt 2019, 4 promille 7 364
Etter kontorjustering, +10% (ny takst) 2 025 100
Skattegrunnlag etter reduksjon, -30% 1 417 570
Eigedomsskatt 2020, 5 promille 7 087

 

Betaling og forfall

Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar:

  • 1. halvår har forfall 1. april
  • 2. halvår har forfall 1. oktober

Faktura vert tilsendt.

Klage

Klage på vedteken takst kan fremjast kvart år i samband med årleg utskriving av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare, jfr Eigedomsskattelova §19.

Klagen må vera skriftleg og kan sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller send epost til postmottak@kvam.kommune.no

Frist for klage er seks veker frå kunngjeringsdato, dvs. 12. april 2020.

Spørsmål og svar om eigedomsskatt

Eigedomsskatt