- Øystese: Rydding på Kvamsøy. Oppmøte på kaien i Øystese. Båttransport til Kvamsøy kl 10.00. Retur frå Kvamsøy kl. 14.00.
- Vikøy: Oppmøte kl 10.00. Stad: Småbåthamna i Vikøy.
- Tørvikbygd: Oppmøte kl 10.00. Stad: Fredsvik.
- Innstranda: Oppmøte kl 10.00. Avslutning og felles matøkt kl 14.00. Hjorten 4H har loppemarknad og kafé kl 14.00. Stad: Grendahuset på Innstranda
- Strandebarm: Oppmøte kl 11.00. Stad: Strandebarm marina på Tangerås.
- Oma: Oppmøte kl 11.00. Stad: Butikken på Oma.
- Mundheim: Oppmøte kl 11.00. Stad: På kaien/busshaldeplassen i sentrum
Lingalaks og Hardanger bakeri vil servera bollar og drikke i områda der det vert arrangert strandrydding 4. mai.
Strandryddesekkar vert levert ut ved oppmøtestad. Det vil óg vera mogleg å få tak i sekkar tidlegare i veke 18 (frå 29. april), om du tek kontakt med ditt lokale grendeutval. Det er gratis levering av dugnadsboss når det vert levert i dei gjennomsiktige strandryddesekkane. BIR tek også i mot strandryddesekkar på ordinær rute for restavfallsbilen etter avtale, der bilen vanlegvis stoppar, på returpunkt eller på hentestad.
Grendeutvala melder i frå i forkant om kvar avfallet skal hentast av restavfallsbilen på https://bir.no/aktuelt/strandrydding/
Lingalaks vil stilla med båt i område der ikkje let seg gjera å komma fram på anna vis for og henta avfallet. Treng de hjelp til henting, kontakt Lingalaks på tlf 56 55 94 28
Ryddinga gjeld for marint avfall mm. Drivved og andre nedbrytbare materiale skal ikkje ryddast. Det vil vera utplassert container frå og med måndag den 29.april ved Lingalaks sitt kontor på Linga, der det vil vera mogleg å levera sekkar med marint avfall.
For spørsmål kan de ta kontakt med samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad, Jon Nedkvitne tlf 979 53 274.