Vil bruka oppdrettspengar på kulturminner

Kommunar med oppdrettsanlegg får tildelt pengar frå Havbruksfondet Øyvind Strømmen Stortinget vedtok i 2015 at det skulle opprettast eit havbruksfond der 80 % av inntektene frå sal av oppdrettskonsesjonar vert fordelt på kommunar og fylkeskommunar der det er oppdrett i sjøvatn. Rådmannen føresler no retningsliner for korleis Kvam herad sin del skal nyttast.

For Kvam utgjorde dette 0,3 millionar kroner i 2017 og 15,9 millionar kroner i 2018. Midlane er sett av på eit lokalt havbruksfond. 

I saksutgreiinga skriv rådmannen at Kvam herad treng midlar på disposisjonsfond, og rådmannen rår også til at midlane i hovudsak skal verta ståande som ein buffer i drifta og til eventuelle driftsprosjekt, men at to millionar kroner også vert sett av til tiltak i tråd med handlingsplanen i kulturminneplanen

Heile vedtaksframlegger lyder:

Kvam heradsstyre vedtek følgjande retningslinjer for Havbruksfondet: 

  1. Midlar frå det statlege Havbruksfondet vert sett av på eit kommunalt disposisjonsfond, Havbruksfond, konto 25600400
  2. Fondsmidlane kan brukast til
    a. Tiltak i tråd med handlingsplan i kulturminneplan på 2 millionar kroner totalt, fordelt på inntil kr 200.000 per år. 
    b. Klima- og energitiltak på inntil 2 millionar kroner.
    c. Betaling av medlemsskap i Nettverk fjord- og kystkommuner (NFKK)
    d. Driftsprosjekt. 
    e. Dekking av udekka driftsunderskot dersom dette ikkje kan dekkast av andre fondsmidlar.
  3. Fondsmidlane bør ikkje brukast til
    a. Ordinær drift.
    b. Investeringsprosjekt. 
    c. Driftstiltak som kan finansierast med andre midlar, som kraftfond. 
  4. Bruk av fondsmidlar vert fastsett i samband med budsjettarbeid, ev. i tertialar. 

Saka skal opp i formannskapet onsdag 5. desember. Av andre saker på dette møtet er budsjettet, nye bompengetakstar i Kvammapakken og traséval i samband med bygging av ny bru ved Steinsdalsfossen. Du finn heile sakslista til formannskapet i møteplanen