Kommunebudsjettet for 2019 vedteke

Illustrasjonsbilete. Pixabay / sluppe i det fri (CC0) Heradsstyret har i dag vedteke kommunebudsjettet for 2019. Dei fulgte i hovudsak innstillinga til formannskapet, med to mindre endringar.

Den største endringa bestod i at pengane til utviklingsprosjektet "Tett på", hjå Hardanger fartøyvernsenter, skal hentast frå Kraftfondet istadenfor Mastefondet. I tillegg var det gjort ei mindre justering i vedtaket om å tilsetja Lean-koordinator i ei prosjektstilling, der det no vert heitande at prosjektstillinga skal ha ei varigheit på maksimum tre år rekna frå oppstart i stillinga.

Heradsstyret sitt vedtak inneber at rådmannen sitt framlegg til budsjett er vedteke med følgjande tillegg: 

  1. Kvam heradsstyre ber rådmannen framskunde oppstart for områdeplanen for Øystese sentrum til 2019. Planen skal ha spesielt fokus på trafikktryggleik for mjuke trafikantar i området frå Øystese skule, Busdalen, Kvam ungdomsskule, idrettshallen og Holmatun.
    For å finansiere dette i 2019 brukar me 500 000,- frå kraftfond.
  2. Kvam heradstyre løyver 3 mill kr til utviklingsprosjektet «tett på» til Hardanger Fartøyvernsenter for 2019. Gjennom Kvam herad sitt signal om ei slik løyving vil dette leggje grunnlag og være utløysande for ytterligare finansiering på i overkant av 75 mill. kr frå både Kulturdepartementet,  HFK og private bidragsytarar. Løyvinga forutset at prosjektet vert gjenomført. Finansiering: Kraftfondet
  3. Lean-koordinator vert tilsett i ei prosjektstilling med varighet i maksimum 3 år rekna frå oppstart i stillinga. Prosjektet skal då evaluerast etter 2 år og at evalueringa vert presentert for HST.
  4. Parkering Holmsund skal bli opparbeida og ferdigstillast til sommarferien 2019. I budsjett for 2019 skal det setjast av kr 300.000,- til opparbeiding av parkeringsplass. Arbeidet skal finansierast med bruk av bustadfeltfondet. Rådmannen får og i oppdrag å påsjå at den vedtekne gangvegen vert etablert av vegeigar.
  5. P 61151 i investeringsbudsjett , Kryss Tolo, Buspareklubben vert endra til kryss Tolo, Toloheimen.               Behovet for ny tilkomst og bedra parkeringsforholda ved Toloheimen er stort og uavhengig av prosjekt til Buspareklubben. Gjennomføring skal skje i løpet av 2019.  
  6. Korrigert tekst i Økonomiske rammer pkt.1e: Rådmannen får fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av boligar på inntil 10 mill.kr. Eventuelle kjøp vert finansiert med lån. Eventuelle kjøp utover dette skal verta framlagt i FSK for godkjenning før kjøpekontrakt vert signert.
  7. Rådmann skal ved framlegging av tertialrapportar for 2019 vidareføra grafar med nøkkeltall som for 2018. Grafar skal være enkle og visa utvikling for regnskapsåret 2019.
    Fylgjande nøkkeltall og grafar skal framleggjast: 
    - befolkningsutvikling
    - skatteinngang
    - driftsinntekter mot budsjett
    - driftsutgifter mot budsjett
    - finanskostnader mot budsjett
    - finansinntekter mot budsjett
    - netto driftsresultat mot budsjett
    - bruk av fond
    - avsetjing til fond
  8. Rådmannen skal ved framlegging av tertialrapporter for 2019 ta inn ei matrise som visar oversikt over vedtak fatta av HST. Av matrisen skal det klart komme frem når vedtaket blei fatta og forventa igangsetting og ferdigstilling. Matrisen skal oppdaterast fortløpande og leggjast ved tertialrapporter for 2019, og ved eventuelle avvik skal det gjerast greie for dette til Heradstyret i møte. Formannskapet skal og bli orientert i møte.
  9. Det skal setjast av 50 000,- til mobilhotell til Kvam Ungdomsskule og Strandebarm ungdomsskule. Ungdomane våre har dyre mobilar som pr.dags dato vert samla inn i ein plastkasse. Mobilane vert ikkje behandla fint. Ungdomane ynskjer eit skåp til å leggja dei i, som kan låsast av lærar. Finansiering: Havbruksfondet.
  10. Bruka inntil 150-200 000,-til strandrydding . Me ynskjer å få rydda strendene i Kvam. Bruka lokale lag og organisasjonar i samarbeid med Kvam Herad for gjennomføring. Finansiering: Havbruksfondet
  11. Asfaltering og vedlikehald av kommunale vegar for å ta ned noko av etterslepet på dette området. Vedlikehald av kommunale bygg. Bevilga ekstra pengar for å ta etterslep på vedlikehald av kommunale bygg. HST løyver inntil 6 millionar kroner. Rådmannen får i oppgåve å komme tilbake til HST med prioritert tiltak. Tiltaka skal prioriterast i den rekkefølgja som gjev størst framtidig driftsinnsparingar.
    Finansiering: Havbruksfondet.
  12. Basseng i Ålvik. Rådmannen får i oppgåve å oppdatere tala for drift, det vil seie leggje fram sak der ulike alternativ for drift av bassenget vert opplyst, både kommunal drift og alternativ der ein driv bassenget på frivillig basis eller i eit samarbeid mellom kommune og lokale lag. Saka må leggjast fram for HST i vårhalvåret 2019. Drifta for bassenget ligg inne i budsjettet 2019.

Heradsstyret vedtok også prisar og gebyr for 2019. Desse er gjort tilgjengelege på ei eiga side.