Klimaplan, kabel og trafikksikringsplan skal diskuterast i formannskapet

Onsdag 5. februar er det formannskapssmøte i Kvam.

Oppstart av arbeidet med klimaplan er ei av sakene på formannsskapet si saksliste onsdag. Dei skal også diskutera medlemskap i Klimapartnere Vestland, og korleis Kvam skal stilla seg til NorthConnect-kabelen.   

På sakslista står mellom anna oppstart av klimaplanarbeidet, den nye trafikksikringsplanen og høyringsfråsegn om NorthConnect-kabelen. Formannsskapet skal også diskutera om rådmannen snart skal ha tittelen kommunedirektør istadenfor. Sakspapira til møtet er tilgjengelege via Kvam herad sin møteportal

Vil starta arbeidet med ny klimaplan, også om klimatilpassing

Kvam herad vedtok sin fyrste energi- og klimaplan (PDF-format) i mars 2012. I planstrategien for Kvam herad for perioda 2015 - 2019 vart det lagt til grunn at han skulle reviderast i 2019. Det skjedde ikkje, men i det nyleg vedtekne budsjettet for 2020 er det sett av 250.000 kroner til arbeidet med ny energiplan. No føresler rådmannen for formannsskapet å starta arbeidet, med mål om endeleg vedtak i februar 2021.

I saksinnstillinga frå rådmannen heiter det at den nye planen vil vera meir todelt enn den gamle. Ein viktig del av planen vil handla om korleis ein skal redusera utslepp av klimagassar og korleis ein skal kutta i energiforbruket, men ein annan del vil ta for seg korleis det skal arbeidast med klimatilpassing, det vil seia tiltak for å takla og tola klimaendringane, i vårt eige samfunn.

På sakslista til formannsskapet står også eit anna framlegg som heng saman me dette, rundt mogleg medlemskap i Klimapartnere Vestland. Her legg rådmannen fram to alternative framlegg. Det eine er at Kvam herad melder seg inn frå 1. mars 2020. Det andre er at ein skal prioritera arbeidet med energi- og klimaplan fyrst, og at det skal gjerast ei ny vurdering av medlemskap i samband med arbeidet med planen. I saksinnstillinga heiter det mellom anna:

Skal Kvam herad vera med å bidra til mindre klimautslepp og ta sin del av ansvaret for internasjonale, nasjonale og regionale målsetjingar, trengst det gode verktøy, fruktbare samarbeidspartnerar og auka kunnskap i heile organisasjonen, samt tiltak og konkrete handlingar.

Samstundes med forslaget om medlemskap, legg også rådmannen fram sak om forslag til oppstart av arbeidet med energi- og klimaplan, samt at planprogrammet vert lagt ut på høyring i seks veker. Administrasjonen er ikkje større enn at det stort sett er dei same ressursane som skal følgja opp eit eventuelt medlemsskap, er dei som òg skal arbeida med energi- og klimaplan. Det kan medføra at administrasjonen kan dra nytta av medlemsskapet og få innspel til planarbeidet, men vil sannsynlegvis òg medføra at både prosessen med planarbeidet og oppfølging av medlemsskap, vil gå seinare. 

Diskusjonen om medlemskap i Klimapartnere Vestland skal også opp i heradsstyret, og ungdomsrådet vil få høve til å uttala seg i båe desse sakene på sitt møte, som går av stabelen alt idag, 3. februar.

Ny trafikksikringplan

Arbeidet med rullering av trafikksikringsplanen for Kvam for perioden 2020- 2023 vart starta i april 2019, med mål om å ha planen godkjend i innan utgangen av 2019. No vert planen lagt fram for formannsskapet, som skal gje si innstilling til heradsstyremøtet 18. februar.

Tidleg i april i fjor vart det invitert til innspel gjennom desse nettsidene, og seinare same månad også gjennom Hordaland Folkeblad og i brev sendt til barnehagar, skular, grendeutval og andre. I alt er det registrert heile 2020 innspel, inklusive innspel som låg att frå tidlegare rullering av planen. Desse har vorte vurderte, og mange av dei er bakt inn i planen som no vert lagt fram for formannskapet og heradsstyret. Sjølve planutkastet har ikkje vore på høyring.

Planen inneheldt ei lang rekkje tiltak, blant dei topprioriterte er fullføring av gang- og sykkelveg på strekninga Øystese - Laupsa, gangveg på strekninga mellom Pensjonisten og Torget i Ålvik, gjennomgang av fartstiltak i dei ulike tettstadene i kommunen og strakstiltak ved Norheimsund skule, Øystese barneskule og Kvam ungdomsskule. 

NorthConnect

Den såkalla NorthConnect-kabelen mellom Eidfjord i Hardanger og Peterhead i Skottland har vore mykje diskutert etter at NVE la fram sine analyser i desember 2019, blant anna gjennom eit eige debattmøte i Ålvik, arrangert av Ålvik arbeiderforening og LO i Kvam.

Formannskapet skal no gje si innstilling til heradsstyret si fråsegn om nettopp NVE si vurdering av søknadene frå selskapet NorthConnect KS. Rådmannen skriv i sin gjennomgang av saka at Kvam herad venteleg vil få høgare kraftinntekter om NorthConnect-kabelen vert ein rønydom, men at straumutgiftene til kommunen også vil auka. Ho meiner auka kraftpris vil ha størst negativ effekt for kommunen sin kraftkrevjande industri og for innbyggjarane som straumkundar, men peiker på at det ikkje finst kalkylar for dei samfunnsøkonomiske konsekvensane og lønsemda for Kvam herad isolert sett.

Det som talar imot å venta med utbygginga, skriv rådmannen, er potensialet for å redusera britiske CO2-utslepp. Ho peiker også på manglande utgreiing av konsekvensar for naturmangfaldet i norske vassdrag under effektkøyring, der produksjonen må aukast opp og køyrast ned i løpet av relativt kort tid, med meir ujamn vassføring som resultat. Rådmannen sin konklusjon er at det føreligg mange uavklara tilhøve og føresetnader i den samfunnsøkonomiske vurderinga av NorthConnect, og at ein bør avventa erfaringar før ein aukar overføringskapasiteten ytterlegare, samt at ei framtidig vurdering også bør sjå på konsekvensane av effektkøyring.

Frå rådmann til kommunedirektør?

Formannskapet skal også diskutera om rådmannen heretter skal få eit anna namn. I den nye kommunelova, som for Kvam herad sin del vart gjeldande då det nye heradsstyret vart konstituert 15. oktober 2019, er det lagt opp til at rådmannen no skal kallast kommunedirektør.

Føremålet med denne tittelendringa er å få ein kjønnsnøytral tittel. Departementet meiner at tittelen kommunedirektør også er presis, då kommunen sin administrative toppsjef er direktør for kommunen. Departementet har dessutan eit ynskje om at alle kommunar nyttar seg av same tittelen, men det er opp til kvar enkelt kommune å avgjera dette. Rådmann Anita Hesthamar har sjølv vore saksutgreiar i denne ska, og føresler at Kvam herad følgjer opp departementet sitt ynskje, og endrar tittelen hennar til kommunedirektør.

Formannskapet skal gje si innstilling til heradsstyremøtet 18. februar.