Har du innspel til dei alkoholpolitiske retningslinene?

Dei gjeldande alkoholpolitiske retningslinene skal no reviderast, og det nye heradsstyret skal vedta nye retningsliner før sals- og skjenkeløyvene går ut i september.

  

Kvam herad ynskjer velkomen innspel til dei nye retningslinene, og har i den samanhang også sendt brev til aktørar som idag har serveringsløyve og eventuelt skjenkeløyve.

Me ynskjer også innspel frå andre velkomne, innan 23. mars, Dei kan sendast på e-post til postmottak@kvam.kommune.no. Merk gjerne eposten med «alkoholpolitiske retningsliner» i emnefeltet.

Når utkast til reviderte alkoholpolitiske retningsliner er ferdig utarbeidd, vil dei også vert lagt ut på høyring.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.