Fritidsmesse for ungdomen
To prosjektleiarar: Ingunn Teigland for BTI og Kristin Lundblad for Fritidskortet.Alle i 7. - 10. trinn i Kvam skal på fritidsmesse torsdag 7. april. På messa kjem 25 fritidstilbydarar for å visa fram aktivitetane dei har å tilby unge i Kvam.
Ungdom si deltaking i organiserte fritidsaktivitetar har gått betydeleg ned frå 2017. Førre Ungdata-undersøking synte at det i 2021 var 51 prosent som dreiv med ein organisert aktivitet på fritida, medan talet i 2017 var på 75 prosent.
– Forsking viser ein tydeleg samanhang mellom meiningsfulle fritidsaktivitetar og det å ha god helse og ein god kvardag, seier Kristin Lundblad, som er prosjektleiar for Fritidskortet i Kvam. – Det er også ein samanhang mellom aktiv fritid og skuleprestasjonar.
Ingunn Teigland, som er prosjektleiar for BTI-prosjektet (Betre tverrfagleg innsats) stemmer i: – For oss som arbeider med fritid i Kvam, er det difor viktig at alle born og unge i heradet skal få moglegheita til å delta i fellesskap, og oppleva meistring, fellesskap og glede. Då må me også syta for at unge får vita om kva tilbod som er tilgjengelege for dei.
– Me er dessutan opptekne av kva dei unge sjølv tenkjer om dei tilboda som finst, og om dei tenkjer noko kunne vore annleis, seier Kristin Lundblad.
Du når Ingunn på e-post ingtei@kvam.kommune.no og Kristin på e-post krisve@kvam.kommune.no.
Sist endra 05.04.2022 10:32