Budsjett, bompengar og kraftfond på sakskartet

I morgon onsdag 19. desember er det heradsstyremøte i Kvam. Der skal ein vedta budsjett for 2019, og også diskutera bompengetakstar i Kvammapakken. 

Den viktigaste saka på sakskartet er nok budsjettet for 2019 og økonomiplan for dei neste åra. Her kom formannsskapet med si tilråding tidlegare denne månaden, etter at Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Arbeidarpartiet sette fram eit fellesframlegg.

MDG og Frp hadde sine eigne framlegg i formannskapet. Framstegspartiet ville blant anna kutta i eigedomsskatten frå bustad og fritidseigedommar, finansiert med pengar frå Havbruksfondet. Miljøpartiet Dei Grøne foreslo på si side blant anna at lokal registrering av biologisk mangfald skal takast inn ved rullering av klima- og energiplanen.

Formannskapet sine tilrådingar i budsjettsaka, og i saka om prisar og gebyr, har vore ute på høyring sidan formannskapsmøtet. Du kan også lesa protokollen frå formannskapsmøtet i heradet sin møteportal. 

Bompengar

Blant dei andre sakene som skal opp er bompengetakstar i Kvammapakken. Her hadde rådmannen rådd til at kommunen skulle gå inn for systemet Statens Vegvesen føresler, med mindre maksimalrabatt og eit såkalla passeringstak på 25. 

Eit samla formannskap gjekk i staden inn for eit alternativ framlegg, sett fram av Bjørgulv Hauger (Frp). Formannsskapet meiner ein skal halda på dagens takst- og rabattsystem i Kvammapakken, med unnatak for at også nullutsleppskøyretøy (som elbilar) skal betala halv takst.

Formannskapet meiner at ei eventuell auke i inntektene skal nyttast til generell reduksjon av takstane. Formannskapet bad også rådmannen om ei nærare utgreiing av kva konsekvensar det vil få å behalda dagens takst- og rabattsystem.

Du finn sakspapira til bompengesaka i møteportalen. Der finn du også ei komplett oversikt over sakene som skal opp i heradsstyret.

Tildelingar frå kraftfondet

Kvam herad mottek årleg om lag 4,4 mill.kr. i konsesjonsavgift etter kraftutbygging. Midlane vert sett av på eit kommunalt kraftfond. Tildeling av midlar frå kraftfondet står også på sakskartet i heradsstyremøtet i morgon onsdag. Formannskapet fulgte rådmannen si innstilling til kven som skal få midlar, og rår til at heradsstyret løyver desse beløpa:

  • 100.000 til Bygdagnist, til regionalt kultursentrum
  • 60.000 til Fjordmoods, til økologisk berekraftig møbelproduksjon
  • 150.000 til Hardangerbadet, til kartlegging, marknadsføring og profilering
  • 150.000 til Hardangerfjord Adventure, som vil satsa på opplevingsturar med ribbåtar>
  • 400.000 til Helse i Hardanger, til nye, berekraftige løysingar innan helsetenester
  • 200.000 til Kvamskogen næringslag, til utvikling av Kvamskogen som reiselivsprodukt og næringsveg
  • 150.000 til Næringshagen i Hardanger, til gründerkurs og oppfylgjing
  • 50.000 til Sandbakk Suetunes, til bryggeri og ysteri
  • 500.000 til Bergen og Hordaland turlag, til hytteanlegget Breidablik.

I tilrådinga frå formannskapet heiter det også at vilkåra for tildelinga må vera dokumenter oppfylte før utbetaling av tilskotet vert gjort, og at Hardangerfjord Adventure AS må dokumentera at dei er eit registrert selskap før dei mottek tilskot. Sakspapira er å finna i møteportalen.