Rår til nye bompengetakstar

Illustrasjonsbilete Pixabay / sluppe i det fri I formannskapet sitt desembermøte skal takst- og rabattordninga i Kvammapakken diskuterast. Rådmannen rår til at at kommunen går inn for systemet Statens Vegvesen har føreslege. Det inneber at maksimalrabatten krympar, samstundes som det inneber eit såkalla passeringstak på 25.

Sommaren 2017 vedtok heradsstyret at Kvam skulle råda imot innføring av ny takst- og rabattordning i Kvammapakken. 

Rådmannen la den gongen vekt på at dei med hyppige passeringar framleis burde ha lokale særfordelar, og peikte på at det i stor grad ville gjelda for pendlarar og folk med sin arbeidsstad på Kvamskogen. 

I slutten av oktober mottok Kvam herad nytt framlegg til takst- og rabattsystem frå Statens vegvesen. Fylkesutvalet - som tilsvarer formannskapet på fylkesnivå - har også oppmoda kommunane i Kvammapakken om å vurdera saka på nytt, og til å gjera vedtak om omlegging til nytt takst- og rabattsystem.

Passeringstak på 25

Rådmannen vel no å tilrå den nye løysinga føreslege av Statens Vegvesen. Her er det teke omsyn til dei som ofte køyrer gjennom ein bomstasjon, slik heradsstyret ynskte. Både for personbilar og tyngre køyretøy tyder det at ein får eit passeringstak på 25, som i Vossapakko og på Hardangerbrua. Dermed vert passeringar utover 25 i månaden gratis. 

For takstgruppe 1 (under 3,5 tonn) aukar prisen frå 47 til 51 kroner for dei som ikkje har rabatt. Dei som idag har 50 prosent rabatt vil berre få 20 prosent rabatt i framtida, men dei som køyrer ofte vil til gjengjeld spara på passeringstaket. 

Bompengar også for elbilar

Den største skilnaden ligg i takstgruppe 2 (over 3,5 tonn), der taksten kan endra seg frå 47 kroner (med 50 prosent rabatt idag) til 170 kroner (ny fullpris). Passeringstaket vil samstundes gjelda også for desse. I tillegg vert det endring for såkalla nullutsleppskøyretøy (blant anna elbilar). Dei er idag friteke frå bompengar, men vil med det føreslegne takstsystemet betala halv pris samanlikna med andre. 

Rådmannen rår til følgjande vedtak i formannskapet:

"Kvam herad tilrår at takst- og rabattsystemet i Kvammapakken vert som fylgjer:
Pkt 1: Det vert innført nytt takst- og rabattsystem i Kvammapakken. Omlegginga medfører at det vert innført passeringstak på 25 passeringar kvar kalendermånad. Bompengetakastane vert (2018-kroner): 
Takstgruppe 1: kr. 51,00
Takstgruppe 2: kr 170,00

Pkt 2: Køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig AutoPASS-avtale og elektronisk brikke får 20 pst. rabatt.

Pkt 3 Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 og 2 betaler 50 pst. av taksten for takstgruppe 1 og 2 etter rabatt".

Saka skal også opp for heradsstyret, med tilråding frå formannskapet. 

Du kan også lesa om det føreslegne takst- og rabattsystemet i lokalavisa Hordaland Folkeblad
 
Rådmannen har i etterkant av utsendinga av saka fått spørsmål om 1,5 timarsreglen og fritak for næringsdrivande med landbruk og eigedom på begge sider gjeld i ny ordning. Det er stadfesta frå Ferde AS og Statens vegvesen at desse ordningane framleis skal gjelda.