Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Tilgjengelegheitserklæringar for Kvam herad Her finn du ei oversikt over alle tilgjengelegheitserklæringane til Kvam herad som ikkje omfattar kvam.no
Tips og råd frå legevakta! Legevaktsentralen i Kvam, telefon 116 117, kan nyttast ved behov for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet om du ikkje får kontakt med fastlegekontoret...
Min Eigedom - Grunnlag for kommunale gebyr På MinEigedom finn du relevant informasjon knytt til din eigedom i Kvam herad.
Kvam herad sin byggeskikkspris 2022 gikk til rasteplassen i Tyrvefjøra På Heradsstyremøte 8.12.2022 delte ordførar Torgeir Næss ut årets byggeskikkspris til Statens vegvesen og arkitektkontoret Helen & Hard. Prisen gikk t...
Trygg digital innsending til Kvam herad - eDialog eDialog er ei digital teneste som gjer det mogleg å senda dokument og meldingar trygt og sikkert til Kvam herad via nett. Tenesta er for deg som ynskj...
Informasjonsside for campingplasseigarar og vogneigarar Som oppfølging etter møtet Kvam herad hadde med campingplasseigarar og brukarar, så er det oppretta ein eigen informasjonsside om reglar knytt til cam...
Ny helse og omsorgssjef Terje Langeland har takka ja til stillinga som ny helse- og omsorgssjef i Kvam herad.
Budsjettframlegg for 2023 I heradsstyremøtet 8.11.22 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2023 og økonomiplan 2023-2026 presentert.
Naustrapport i frå Kvam-oppfylging av Kvam herad sin kulturminneplan Kvam herad vedtok i 2018 kulturminneplan, «Med røter og føter i Kvam», som ei oppfylging av planen har Kvam herad gjennomført registrering av naustmil...
Flott samarbeid om ny skule i Kvam – Den nye vidaregåande skulen i Kvam blir eit flott samarbeid mellom fylkeskommunen og Kvam herad. Det uttalar utbyggingssjef Jan Tore Rosenlund i Ves...