Naustrapport i frå Kvam-oppfylging av Kvam herad sin kulturminneplan
Kvam herad vedtok i 2018 kulturminneplan, «Med røter og føter i Kvam», som ei oppfylging av planen har Kvam herad gjennomført registrering av naustmiljøa i kommunen. Registrering, rapport og foto av Randi Storaas ligg no føre og er å finna i samband med denne artikkelen. Registreringa er gjort for at me skal ta vare på naust og naustmiljøa, samt at den skal minna oss på ein viktig del av vår eigen kulturhistorie.
I føreordet til rapporten er det vist til at: «Rekkjene med naust er eit karakteristisk innslag i kulturlandskapet i kommunen. Med si plassering i den attraktive strandsona, kan naust og naustmiljø vera utsette for eit større press enn andre bygningsmiljø. Nylege registreringar syner at den gjennomsnittlege tapsandelen for sjøhus og naust er høgare enn for andre bygningstypar i Noreg».
Målet med arbeidet har vore å få ei betre oversikt over naustmiljøa og einskildnaust i kommunen. Randi Storås har i perioden september 2021 til august 2022, fotografert naust- og sjøhusmiljø i frå sjøen. Naust som er på «gul liste» er også fotografert i frå land.
Naustrapport (PDF, 9 MB)
Kulturminneplan for Kvam herad (PDF, 22 MB)
Sist endra 24.02.2025 11:29