Tips og råd frå legevakta!

Legevaktsentralen i Kvam, telefon 116 117, kan nyttast ved behov for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet om du ikkje får kontakt med fastlegekontoret.

Ved alvorleg, livstruande skade eller sjukdom: ring 113.

Gode råd frå legevakta ved sjukdom som ikkje krev øyeblikkeleg helsehjelp:

Me har for tida stor pågang av febersjuke barn med luftvegsinfeksjonar. Det dreier seg hovudsakeleg om ufarlege virusinfeksjonar som me gjerne kallar «barnehagevirus», desse  gir feber, snørr og hoste i nokre dagar før det går over av seg sjølv. Ein øvre luftvegsinfeksjon kan vara i 7 -10 dagar, det er heller ikkje uvanleg at hosten varar i 4-6 veker.
 
Me ser at mange av desse barna, særleg 1- og 2-åringar kan få høg feber. Både 39 og 40 er vanleg, og dei kan være nokså snørrete, sutrete og ha dårleg matlyst, utan at dei vert alvorleg sjuke. Symptoma går ofte over etter nokre dagar. Slik er det kvar haust og vinter med dei minste barna.

Lenger ned i denne artikkelen kan du lese meir informasjon om dei forskjellige sjukdomane.
 
Du kan alltid ringa oss utanom fastlegen si opningstid dersom du er sjuk eller skada. Det er likevel viktig for oss å sei at dei fleste akutte luftvegsinfeksjonar skuldast ufarlege virus, og går over av seg sjølv. Dette gjeld og febersjuke barn med luftvegssymptom.

Tips:

  • Ha Paracet og Ibux/Nurofen heime, og gje det til barnet. Start med Paracet, og har ikkje det god nok effekt, så kan ein supplere med Ibux/Nurofen dersom barnet er > 3 månadar/5 kg. I tillegg er det viktig at ein ikkje har på for mykje kle, og ein kan med fordel skru ned varmen i rommet eller bruka fuktige omslag for å få ned feberen.
  • Så lenge allmenntilstanden er rimeleg grei, og ein får i seg rikeleg med væske (sjekk at barnet har våte bleier) og ikkje har pustevanskar, er det vanlegvis ingen grunn til bekymring, sjølv om feberen varar nokre dagar. Me veit at det kan være både tøft og vanskeleg å oppleva barnet sitt slik, men dei toler ein støyt.
  • Er du likevel bekymra og blir usikker så kan du kontakta fastlegen på dagtid. Der får de god hjelp av erfarne legar, som har svært solid kompetanse på området. Det er hos fastlegen du får den beste hjelpa! Og viktigast av alt: Det er dei som skal følgje opp videre.

Viktig!

Dersom vedkommande får dårleg allmenntilstand (blir veldig slapp eller sløv) eller får auka pustevanskar, kan det tyde på ein meir alvorleg tilstand og ein bør konferere med fastlege med det same. Utanom fastlegen si opningstid er alltid me på legevakta her.

Ved akutt og alvorleg bekymring, eller mistanke om, skal du alltid ringe 113 direkte.

Korleis få hjelp på legevakta?

Når du kontaktar legevakta, bør du alltid ringa fyrst. Den som svarer deg då er ein erfaren sjukepleiar som har grundig opplæring i å vurdere om ein tilstand hastar eller er alvorleg. Dersom det ikkje haster, blir du bedt om å kontakta fastlegen på dagtid. Men hugs at tilstanden kan endra seg, så ta ny kontakt om du opplever forverring på ein eller annan måte.

Ved å vende deg på telefon får du ei gitt tid for konsultasjon, men inne på legevakta prioriterast alt etter medisinsk haste- og alvorsgrad. Det vil sei at om det kjem akutte tilfelle med svært alvorleg sjukdom eller skade, vil dei få umiddelbar vurdering og behandling, medan dei med mindre alvorleg sjukdom må rekna med å vente.

Når hastar det med å ta kontakt ved luftvegsinfeksjonar?

Sjølve talet på termometeret betyr ikkje alltid så mykje. Likevel bør alle husstandar ha termometer og måle temperaturen før dei ringer fastlege eller legevakt. Hos små barn er det einaste rektaltemperatur som gjeld. Det viktigaste i vurderinga er allmenntilstanden. 

Dersom eit barn leikar, spring rundt, hoppar og dansar og har masse energi, sjølv om feberen er aldri så høg, kan me være trygg på at det ikkje er noko fare. Eit barn som ikkje orkar noko, bør derimot føra til meir bekymring. Om barnet sit apatisk på fanget eller ikkje greier å drikka/amme, berre vil sove/er vanskeleg å halde vaken, kan det være snakk om noko alvorleg og ein bør ringe etter hjelp øyeblikkeleg.

Om barnet drikk godt og tissar/har våte bleier er det eit godt teikn. Det spelar mindre rolle om barnet ikkje vil eta noko særleg.

Viktig!!

Ved store pustevanskar bør ein ringa fastlege/legevakt. Og dei aller minste barna (under 3 månadar) skal alltid ha vurdering av lege øyeblikkeleg om dei får feber. Det same gjeld  premature barn og barn med alvorlege hjarte-/lungelidingar, diabetes og alvorlege medfødde tilstandar.

Luftvegsvirus

Det finnes ei rekkje luftvegsvirus blant oss. Dei fleste er heldigvis heilt ufarlege for dei fleste av oss. I enkelte tilfelle kan desse vanlege virusa likevel gje alvorleg sjukdom. Dette ser ein spesielt blant små barn, eldre og personar med bakanforliggande sjukdom og redusert infeksjonsforsvar. 

Rhinovirus, influensavirus, RS-virus, adenovirus og koronavirus er nokre eksempel på slike vanlege luftvegsvirus som er blant oss store delar av vinterhalvåret. Her gjeld nøyaktig dei same prinsippa som nemnt over. Har ein grei allmenntilstand og pustar fint, kan ein sjå det an. Ved dårleg allmenntilstand eller pustevanskar, må ein ringe etter hjelp.

Skarlagensfeber 

Den siste tida er det sett nokon barn med skarlagensfeber i Norge. Skarlagensfeber er litt spesielt, fordi ein treng ikkje bli så veldig sjuk, men det kan likevel være nødvendig med antibiotika for å unngå seinkomplikasjonar. Heldigvis er skarlagensfeber lett å kjenne att.

Kva skal du sjå etter ved skarlagensfeber?

Sjukdommen startar med litt feber og halsvondt. Ein kan få øyreverk, kvalme, magesmerter, og generell sjukdomskjensle. Deretter kjem eit karakteristisk utslett som gjer hissig raud farge i andlet og bleikheit rundt munn og eit raudprikkete utslett på overkroppen, i lysk/skritt og i nakken, samt den typiske knallraude tunga som nokre kallar bringebærtunge eller jordbærtunge.

Behandling

Skarlagensfeber bør ofte behandlast med antibiotika for å unngå eit meir alvorleg sjukdomsforløp og seinkomplikasjonar. Men - dersom ein mistenker skarlagensfeber, er det ingen grunn til panikk. Om den sjuke er i relativt god allmenntilstand, kontaktar ein fastlegen i opningstida. Ved dårleg allmenntilstand ring ein legevakta.

Akutt bronkiolitt/RS virus

Akutt bronkiolitt skuldast ein virusinfeksjon som gjer betennelse i slimhinnene i dei tynnaste luftrøyra i lungene. Betennelsen fører til stor slimproduksjon som tettar igjen dei små luftrøyra. Dermed oppstår pustevanskar som kan minna om astma.

Kva skal du sjå etter ved Akutt bronkiolitt/RS virus?

RS-virus er ein vanleg årsak til akutt bronkiolitt som særleg rammar dei minste barna (under 2-3 år). Den kjem gjerne som ei bølge om vinteren. Alle kan bli smitta av RS-virus, men sidan dei aller minste er mest sårbare og har dei tynnaste luftrøyra, får ofte desse kraftigast pustevanskar. Eldre barn og vaksne oppleve ofte RS-virusinfeksjonar som ein forkjøling med masse snørr. Dei aller fleste, og dei minste, kjem seg greitt gjennom ein RS-virusinfeksjon, utan at det verken oppstår fare eller er nødvendig å oppsøkja lege.
 
Nokre barn kan derimot få store pustevanskar av RS-virus. Det gjeld fyrst og fremst dei aller minste spedbarna, premature barn, barn med hjarte- eller lungesjukdom eller alvorleg redusert infeksjonsforsvar (immunsvikt). Mange foreldre blir redde av RS-viruset, og då er det er viktig å huske at nesten alle barn har blitt sjuke av RS-viruset før to års alder, men berre nokon få har vorte alvorleg sjuke.

Det gjeld dei same prinsippa her, som ved andre luftvegsinfeksjonar.  
Om barnet strevar med pusten eller er i veldig dårleg form, kontaktar ein fastlege. Om fastlegen har stengt og ein ikkje kan vente til opningstida, kan ein ringe legevakta. Ved alvorleg bekymring, ring ein 113.
 
Om barnet ikkje har pustevanskar eller har dårleg allmenntilstand kan ein avvente heime. Ein bør ikkje ha det for varmt der barnet søv. 12-18 grader i rommet og ein god pysj og dyne er fint. Dette fordi varm luft vil auke hevinga i dei små pusterøyrene og gje større pustevanskar. Rikeleg med drikke og elles hyppig tilsyn frå føresette er viktig. Er ein usikker, ring fastlege eller legevakt.

Falsk krupp

Falsk krupp er og eit virus som gjerne kjem i klynger på hausten, vinteren eller våren. Særleg barn mellom 6 månadar og 3-4 år blir ramma.

Kva skal du sjå etter ved falsk krupp?

Infeksjonen gjer vanlegvis lett forkjøling, men med lite feber og med god allmenntilstand. Det typiske er at barnet får kraftig og bjeffande hoste med pustevanskar eit par timar etter sengetid.
 
Pustevanskane kan koma overraskande og både barn og vaksne kan bli litt redde. Heldigvis ser me nesten aldri nokon farlege episodar med falsk krupp. Barnet blir betre når det blir tatt opp av senga, og endå betre dersom det blir tatt ut i kald frisk luft. Her er det beste å pakke dyna godt rundt barnet og gå ut i den kalde, rå vinterlufta. Kulden fører nemleg til at hevelsen i pusterøyret skrumpar, så barnet får pusta lettare. Falsk krupp går over av seg sjølv etter nokre få dagar utan behandling.

Influensa

FHI oppgir at influensasesongen er i gang. Den kjem som julenissen, og det spelar inga rolle om ein er snill - alle kan bli smitta. Influensa kan være brutal nok for friske menneske i alle aldrar, men for dei eldste og folk i risikogruppa, kan den gje livstrugande sjukdom. Denne vinteren trur me at det er ein ny variant av svineinfluensaen som kjem.

Fordelen med influensa er at det finst vaksine. Vaksina er trygg, og den har ofte god effekt. Barn i risikogruppa kan i år få influensavaksine som nasespray.

Covid19 – korona-virus

Det førekjem og litt covid19 smitte no.
  
Det kan difor være lurt å tenkja litt på førebygging. Vask hender og overflater, og hald deg for deg sjølv til du er symptomfri. Dette har me jo blitt veldig gode på i høve med pandemien. Pass på at du har eit termometer heime. Familiar med små barn bør ha rektaltermometer. Og så er det lurt å ha Paracet og Ibux/Nurofen i rett styrke.

Riktig god jul til deko alle – frå oss på Kvam legevakt