Min Eigedom - Grunnlag for kommunale gebyrPå MinEigedom finn du relevant informasjon knytt til din eigedom i Kvam herad. Dele opp faktura på kommunale gebyr Frå 2023 kan du sjølv velje kor mange terminar du ynskjer å dele dine kommunale gebyr på. Kommunale gebyr omfattar vatn, avløp, feiing, slam og eigedomsskatt. Dersom du ikkje vel noko anna vil du motta 2 faktura i året på kommunale gebyr. Målt forbruk på vatn kjem i tillegg. Logg på Mi side på Kvam.no, der kan du velje MinEigedom. (Du finn punktet under "Lenker til andre kommunale tjenester" nede på sida.) Vel den aktuelle eigedomen og trykk deretter på Min fakturahyppigheit. Frå 2023 skal alle lese av vassmålar 2 gongar i året, og heile forbruket vil bli fakturert i påfølgande månad. Oversikta under viser når det er forfall i dei ulike alternativa: Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Forfall 1 gong i året x Forfall 2 gongar i året x x Forfall 4 gongar i året x x x x Forfall 12 gongar i året x x x x x x x x x x x x Vassmålar (forbruk vatn) x x Spørsmål eller meir informasjon? Skriv til mineigedom@kvam.kommune.no Publisert av Connie Langeland Sist endra 05.01.2023 11:58