Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Treng du barnehageplass 2026/2027? Fristen for å søkja barnehageplass med oppstart hausten 2026 er 1. februar.
No kan det søkjast tilskot om: Spesielle miljøtiltak i landbruket(SMIL), tiltak i beiteområde, viltfondet. Søknadsfrist 7. februar
Den kulturelle spaserstokken - støtte til kulturformidling til eldre i Kvam Profesjonelle kunst- og kulturaktørar, lag og organisasjonar, privatpersonar (med organisasjonsnummer) og kulturinstitusjonar kan søkja tilskott til D...
Naudetatane si årlege samarbeidsøving 7. og 8. januar i tidsrommet 17.00-22.00 øver naudetatane i Norheimsund.
Det nya biblioteket i Norheimsund er ope! Måndag 5. januar opna det nya biblioteket i Norheimsund. Adressa er Grovagjelet 3.
Tilbod om reisevaksine i Kvam vert avslutta Tilbod om reisevaksine på helsestasjonen vert dessverre avslutta pr. 01.01.2026 grunna innsparingar.
Menn i helse 2026 Er du eller kjenner du ein omsorgsfull mann mellom 19 – 55 år som kunne ha passa til å jobba i helsesektoren? Menn i helse er for den som har rett på ...
Innskriving til grunnskulen Innskriving av elevar som skal byrja i 1. trinn eller som skal flytta til Kvam herad.