Naudetatane si årlege samarbeidsøving

7. og 8. januar i tidsrommet 17.00-22.00 øver naudetatane i Norheimsund.

bilde frå beredskapsøving i Norheimsund. Uttrykkningskøyretøy - Klikk for stort bilete

 

Onsdag og torsdag ettermiddag og kveld har naudetatane PLIVO (Pågåande livstruande vald) trening.

Det vil seie at det vil vera blålys og uniformert mannskap i området rundt Kvam vidaregåande skule i tidsrommet.

Det vil vera væpna personell, roping og røyk i umiddelbar nærleik av objektet i samband med øvinga.

Alle naudetatar deltek, politi, ambulanse, legar, brann og redning (Kvam, Bjørnafjorden og Tysnes)

 

OBS! Kvam bibliotek i Norheimsund har endra opningstider torsdag 8. januar pga øving. Les meir om det her.