No kan det søkjast tilskot om:

Spesielle miljøtiltak i landbruket(SMIL),  tiltak i beiteområde, viltfondet. Søknadsfrist 7. februar

Neteland frå snauehaugen - Klikk for stort bileteNeteland frå snauehaugen Arve E Kolltveit

Spesielle miljøtiltak i landbruket(SMIL)

Eigar eller leigar av ein landbrukseigedom med jordbruksproduksjon kan søkje om tilskot. Prioriterte tiltak er forureiningstiltak,
tiltak som fremjar kulturlandskapet, biologisk mangfald m.m.

Les meir og søk SMIL her.
 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Tilskot kan gjevast til lag eller foreiningar som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift og som
set i gang investeringstiltak i eit beiteområde.

Les meir og søk tiltak i beiteområde her
 

Tilskot frå viltfondet

Verksemder, organisasjonar og einskildpersonar kan søkja. Det kan søkjast om tilskot til tiltak som fremjar viltforvaltning
i heradet og tiltak for å førebyggja skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.

Les meir og søk viltfondet her

Søknadsfrist: 7. februar 2026

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.