Høge buskar ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss, kan gjera det særs uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sumarmånadene.
Trafikantane misser ikkje berre sikt, men kan òg gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert løynde av grøne buskvekstar.
Ein lovpålagt klipp
Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippa hekkar og buskar på eigedomane av omsyn til tryggleiken for alle.
– I desse dagar startar borna på skulen att og me ynskjer at flest mogeleg skal gå og sykla der det høver seg. Då må det leggjast til rette for at det kan skje på ein trygg måte. Borna må vera synlege langs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.
Å syta for fri sikt er so viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og buskar på eigedomen din. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må òg kryssa gang- og sykkelvegar for å køyra ut på vegen. Då må dei lett kunna sjå både små og store trafikantar.
Berre ein halv meter
Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar lei langs gang- og sykkelvegen, i følgje lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vera fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di, i følgje Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding og ein brosjyre om temaet som ligg ute på: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/vegetasjonsrydding/
– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, no må me saman ta eit tak for å syta for best mogeleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.
Trygg Trafikk er opptekne av at skulevegane skal vera så trygge som råd og vonar oppmodinga vert teken vel imot.
Kontaktperson:
Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås, telefon 412 06 132
e-post: nestas@tryggtrafikk.no
Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås