Stengjing av Tronesgjel bru på Dalatunvegen
Fylket skal vøla landkaret på Tronesgjel bru. Fylkesveg 5118 Dalatunvegen vert difor stengd ved brua frå 21. juli. Det vert omkøyring om kommunal veg 1031 Steine. Fylket ventar at arbeidet kjem til å vara i ca. fem veker.
Arbeidet kjem som fylgje av skade på landkar på 12-0063 Tronesgjel bru. Det vil bli gjort betongarbeid i form av kappestøyp, betongsøyler og betongbjelker slik at landkara vert stabilisert. Det er ikkje råd å gjera arbeidet utan å heilstengja fv. 5118.
Oppdatert informasjon finn du på 175.no etter som arbeidet skrid fram.
Skjermdump av vegbana med Tronesgjel bru
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 03.07.2025 11:04