Regionalt Kulturfond Hardanger

Klikk for stort bilete Hardangerkommunane deler i fellesskap ut kr 100.000,- for å stimulera kulturutvikling i Hardanger.

Retningslinjer for søknadane er:

1. Nye tiltak skal prioriterast.
2. Det skal leggast vekt på at tiltaka fremjar regionalt samhald og samhandling, og såleis styrkjer Hardanger-kjensla.
3. Tiltaka må femna om fleire kommunar og vera i Hardanger.
4. Det bør leggast vekt på at tiltaka fremjar næringsutvikling.
5. Krav til søknaden og sakshandsaminga: Søknadane må innehalda minst følgjande opplysningar:

  • Ansvarleg søkjar (person, ansvarleg selskap, frivillig organisasjon)
  • Skildring av tiltaket sin ide og målsetjingar
  • Budsjett
  • Finansieringsplan Dersom prosjektet går over fleire år, skal budsjett og finansieringsplan vera periodisert.

6. Avgrensingar: Regionalt kulturfond skal som hovedregel ikkje nyttast som garanti for lån/ til lån eller som driftstilskot. Det kan som regel ikkje ytast tilskot ut over 1/3 av finansieringa.
7. Søknadsfrist er 01.06.2019. 

Det er ikkje søknadsskjema. Søknader skal sendast til Hardangerrådet på e-post: post@hardangerraadet.no.