Ny taksering av alle eigedomar i 2020

Ifølgje eigedomsskattelova (§8 A-3, 2. punkt) skal det gjerast ei allmenn taksering i kommunen kvar tiande år. Førre taksering var i 2010, og Kvam heradsstyre vedtok i juni 2019 å starta arbeidet med ny taksering av alle eigedomar.

Dette skal gjerast for å fanga opp verdiendringar og anna som har konsekvensar for utrekning av eigedomsskatten.

Kva er eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som saman med inntektskatten til kommunen er med på å finansiere ulike fellestenester som skule, barnehage, helsetenester, kommunale vegar og mykje meir.

Det er eigedomsskattelova saman med forskrift om eigedomsskatt 2020 som fastset reglane for eigedomsskatt. For 2020 er promillen for bustad- og fritidseigedomar 5‰, og 7 ‰ for næringseigedomar. Frå 2021 vert det også innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% på bustad- og fritidseigedom. Kva promillesats Kvam herad set vert vedteke av heradsstyret i budsjettmøtet i desember 2020.

Eigedomsskatten for inneverande år vert skrive ut innan 1. mars same år. Heimelshavar får tilsendt skatteseddel med informasjon om taksten på eigedomen og kva som er utrekna eigedomsskatt. Eigedomsskattelista over alle eigedomar vert samtidig lagt til offentleg ettersyn på Kvam herad sine nettsider.

Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei andre kommunale avgiftene to gonger i året, med forfall 1. april og 1. oktober.

Klage på vedteken takst kan fremjast kvart år i samband med årleg utskriving av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare, jfr. Eigedomsskattelova §19. Klagen må vera skriftleg og kan sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller send epost til postmottak@kvam.kommune.no. Frist for klage er 6 veker frå kunngjeringsdato.

I løpet av 2020 skal alle eigedomar i Kvam herad takserast på nytt. 

Ny taksering

Kvam herad har inngått avtale med firmaet Jeessaa AS for utarbeiding av takstforslag. Synfaringspersonellet skal ha på seg refleksvestar med Kvam herad sin logo og har ID-kort frå Kvam herad. Takseringa vil gå føre seg frå mai 2020 til hausten 2020. Eigedomen vert fotografert, jf. eigedomsskattelova §31-5.

Grunna koronautbrotet vert det teke særlege førehandsreglar ved takseringa. Folkehelseinstituttet sine smittevernreglar er overdona. 

Takseringa av eigedomen tek utgangspunkt i offisiell informasjon om eigedomen, henta frå matrikkelen. Dette er Noreg sitt offisielle register over all fast eigedom med bygningar, adresser og heimelshavar/eigar. Ut frå bygningstype også vert det rekna ut ein takst maskinelt, ein såkalla sjablongtakst. Dette er ein takst utan nokon form for takstfagleg vurdering og han må difor justerast med utgangspunkt i fleire tilhøve:

  • Fyrst vert det teke omsyn til kva sone eigedomen ligg i.

  • Deretter vert det gjort ei vurdering av indre og ytre faktor på eigedomen. Indre faktor er tilhøve knytt til sjølve eigedomen, til dømes alder og vedlikehald. Ytre faktor er lokale tilhøve rundt eigedomen, til dømes beliggenhet. I tillegg vert tomteverdien for eigedomen lagt til.

Brev til heimelshavar/eigar

Kvar heimelshavar (eigar) vil i løpet av veke 20/21 få tilsendt eit brev med meir informasjon om synfaring av eigedomane. 

Promillesats for eigedomsskatt

Frå 1. januar 2021 har regjeringa avgjort at maksimal sats for bustad og fritidseigedom er 5 promille. For næringseigedomar er det 7 promille. Frå 2021 vert det også innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% på bustad og fritidseigedomar.

Har du fleire spørsmål om eigedomsskatt?

Nedanfor finn du svar på nokre vanlege spørsmål om eigedomsskatt. Har du andre spørsmål kan du ta kontakt med Kvam herad på telefon 56 55 30 00 eller senda e-post til Tone Ødegård Skår på Kvam herad sitt økonomikontor.