
Noko for ein kvar smak
Om interessa er Legobygging med Vestland byggelaug, ein god film på nye Kvam kino eller ei interessant utstilling i Kunthuset kabuso - finn du oversikt over aktivitet og arrangement på sida:
www.skjerikvam.no
Her finn du også informasjon om Frisbeegolf i Ålvik, Trialsykling i Norheimsund eller Språktreff.
Arrangerer du noko i Kvam?
Lag og organisasjonar kan oppdatera eigen info på sida og få hendinga eller aktiviteten med i oversikta. Les meir om korleis du gjer det her
Ynskjer du oversikt på alt som rører seg i Kvam herad?
Frå politikk og organisasjon til veg og vatn med meir, har me samla dei mest populære sidene frå nettstaden vår i ein innbyggjarapp som heiter Friskus kommune. Her har du direkte lenkje til skjerikvam.no, samt dei mest populære tenestene våre. Her får du også nyhende frå Kvam herad - direkte på telefonen. Gjer som over 1400 kvemmingar, hytteeigarar og interesserte, last ned appen du også!
Les meir om korleis du skaffar deg innbyggjarappen vår her!
