Caroline Mo Vik
I appen kan du sjølv velja kva for informasjon du vil ha frå heradet. Kultur, ledige stillingar, næring og landbruk, barn, ungdom og familie med fleire. Lagre dine viktigaste snarvegar på framsida. (Legg til widget på plussteiknet i toppen)
Appen er gratis for Android og Iphone.
Last ned Friskus kommune i App store (Iphone)
Last ned Friskus kommune i Google Play (Android)

Nyhende i ulike kategoriar
Appen er sett opp med nyhendekategoriar. Du vel sjølv kva slags kategoriar du vil ha nyhende frå. Er du mest oppteken av kultur, fritid eller politikk?
Dette er dei ulike nyhendekategoriane:
- Barn, ungdom og familie
- Brann og redning
- Farevarsel
- Helse og omsorg
- Hytteeigarar
- Kultur, idrett og fritid
- Kvam herad informerer
- Ledige stillingar
- Politikk og organisasjon
- Veg, vatn og avlaup
*Med atterhald om at det her vil koma endringar og nye kategoriar etterkvart.
Sjølvbetening inn til tenestene
I tillegg til nyhende har appen ein sjølvbeteningsknapp der du finn snarvegar inn til sentrale tenester frå heradet. Snarvegane lenkar inn til nokre av dei mest besøkte sidene våre, som til dømes skjemakatalog, postlista og skuleruta. Me har bruka statistikk frå kvam.no i utveljinga av lenkar.
Lagsoversikt og aktivitetskalenderen til Kvam, skjerikvam.no finn du på ein eigen knapp i botnfeltet.
Appen på nynorsk
Friskus kommune har nynorsk grensesnitt. Under «Innstillingar» i appen finn du valet språk. Her kan du velja nynorsk.
Personvern
Du treng ikkje oppretta brukar for å nytta Friskus kommune. Det vert ikkje lagra personopplysingar knytt til bruket ditt av appen. I appen får du berre informasjon frå kommunane du vel og ingen andre.