Kulturprisen 2025Kvam herad deler ut kulturpris som takk for verdfullt kulturarbeid i heradet. Me oppmodar alle til å senda inn grunngjevne framlegg til kandidatar til kulturprisen for 2025. Tidlegare prismottakarar Kulturprisen til Kvam herad vert tildelt einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har utmerkt seg ved stor innsats for kulturlivet i Kvam.Me ser fram til å høyra frå dykk!Frist for innspel er 22. april 2025_______________________________Framlegg sender du til:På e-post postmottak@kvam.kommune.noeller via post: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 NorheimsundMerk framlegget med «Sak 25/1583, Kulturprisen 2025». Alle framlegg vert hatt føre konfidensielt av ordførar, sjef for samfunnsutvikling og leiar for kultur og fritid. Kulturprisen vert utdelt i samband med ei markering i 2025. Desse har vunne prisen dei siste åra2013 Dag Rune Mo 2014 Bård Gauden 2015 Kvam turlag 2016 Ålvik Rock 2017 Øystese musikklag 2018 Hardanger skyttarlag 2019 Brynjulf Måkestad 2020 Harald Kjosås 2021 AK Glûck-Teigland 2022 Fosse-stiftinga 2023 Geir Botnen2024 Peter Helland-HansenTil oversyn over alle tidlegare vinnarar av prisen. Publisert av Mary Ann Sørheim Sist endra 21.03.2025 13:03