Innskriving til grunnskulen

Innskriving av elevar som er fødd i 2016 og skal begynna i 1. klasse hausten 2022 er tilgjengeleg mellom 19. oktober og 1. desember 2021.

Klikk for stort bilete Frå Pxfuel   

Frå hausten 2021 nyttar Kvam herad digital innskriving. I skjemaet må du skriva inn personalia om barnet og føresette. I tillegg vel du den skulen som er nærskule for barnet ditt. Opplysningane vert tilgjengeleg for rektor ved den aktuelle skulen.

Dersom føresette vurderer å søkja om utsett skulestart, framskunda skulestart eller at barnet skal gå på annan skule enn nærskulen (sjå eigen artikkel om skulekrinsar for meir informasjon), må de ta kontakt med skulen.

For å nytta løysinga må du som føresett logga deg inn via ID-porten.