Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Har familien låg inntekt?

Inga hushaldning skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass.

bilde av frosta folierte barn på vindu i barnehage i Kvam - Klikk for stort bilete
  • Hushaldningar med lågare samla brutto inntekt enn kr. 559 166 kan søkja om redusert foreldrebetaling. 

Følg denne lenka for å koma til sida for meir informasjon om Redusert foreldrebetaling.

  • Er du i ein vanskeleg økonomisk situasjon kan NAV Kvam hjelpa med økonomi- og gjeldsrådgjeving.

NAV økonomi- og gjeldsrådgjeving

  • Du kan ha rett på økonomisk sosialhjelp dersom du ikkje har andre tilstrekkelege inntekter.

Les meir om det på denne lenka NAV Kvam sosialhjelp

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.